Førstkomande torsdag 19. juni er siste bibliotekdag for Todalen filial før sommarferien, melder bibliotekar karen Johanne Talgø. Opningstida er som vanleg kl 18-20, og det er viktig at bøker og anna lånemateriell som forfell eller har forfalle, blir levert inn da. Dersom nokon ikkje har lese ut boka og vil ha ho lenger, ta kontakt, mobil 913 37 168. […]
Les heile sakaÅrets første «gladlaks»…
I ettermiddag var årets første laks i Toåa eit faktum, da Frank Hauggrind landa eit flott eksemplar på 4 kg. Det skjedde på Halsetøran, på høgde med Bordholmen stadion, og fangsten vart gjort på sluk. Laksefisket i Toåa starta natt til søndag, og den første laksen lot vente på seg til måndag før han slo til mot sluken til Frank. foto: Helene Ness/Todalshytta
Les heile sakaOppsett vakthald fredagskveld på Laksefestivalen – oppdatert
Laksefestivalen nærmer seg med stormskritt og som nemt tidlegare er det Todalen IL som har billettsalg og vakthold fredag kveld. I den anledning har leder i idrettslaget Karin Halle no saman med resten av styret sett saman arbeidslistene for dei innvolverte som har sagt seg villige til å bidra på dugnad denne kvelden.
Les heile sakaTodalsknøttane i aksjon
Også knøttelaget til Todalen IL har i dag vært i aksjon på fotballbanen. De tok turen til Syltøran på Silregncup for å samle litt fotballerfaring. Etter tilbakemelding fra trener/oppmann Knut Bergli gikk det helt strålande med seier og greier!
Les heile sakaI disse fotballtider..
I helga har G12 Søya/Todalen vært på sin årlege overnattingstur med fotballcup og sosialt samvær i Molde. Turen starta laurdag føremiddag med tur til Ekkobanen på Jendem for å spele tre kampar i årets Romsdalscup. Motstandarane var Bud, Molde og Eide og omegn. Resultata var ikkje heilt optimale, med tap i alle tre kampane desverre. Etter pokalutdeling bar turen vidare til Skarstua, der Søya/Todalen dei siste åra har hatt tilhald etter Romsdalscupen.
Les heile sakaLagseriestemnet er avlyst!
Lagseriesptemnet i dag er avlyst. Mesternes mester blir utsett til første lagseriestemne etter ferien, melder TIL.
Les heile sakaToåa – laksefisket startar i natt!
I natt blir laksen «fredlaus» i Toåa. I Toåa og fleire av dei små lakseelvane på Nordmøre er starten litt seinare enn i Surna og Driva, som starta alt 1. juni. Fisketida i Toåa har dei siste åra vore frå og med 15. juni, til om med 15. august. Dette gjeld både laksefisket og aurefisket, fortel ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset til Todalen.no. Bruset er spent på korleis årets sesong blir etter det bedrøvelege resultatet for fjorårets sesong.
Les heile sakaVil du kjøpe lodd?
Bror og Sindre hadde laurdag formiddag plassert seg midt i kundestraumen utafor Matkroken L. Hals. Dei er i gang med salg av lodd i SuperLotteriet, der trekninga skjer under Todalsdagen 28. juni. Dei var tydeleg på at lodda kosta 20 kroner, og at du kunne få 5 lodd for ein hundrelapp.
Les heile sakaRBL Landbrukssenteret i Rindal har vakttelefon i sommer, og nå er siloslåtten i full gang! Vakttelefonen hos RBL Landbrukssenteret i Rindal er 48 31 96 12, det samme som den vanlige verkstedtelefonen. Åpningstid er til kl.21.00 på hverdager, og til kl.18.00 lørdag/søndag.
Les heile sakaSom Nederland mot Ertvågøya
Etter to knepne tap var det tid for a-laget til Søya-Todalen å vise at de også kan vinne fotballkamper. Fredag gjorde de som Nederland, knuste et godt fotballag 5-1. Mål av Gøran Stenberg, Ola Heggset (2), Erling Øye og Tony Seterbø. På en nyluftet bane vartet guttene opp med feiende flott angrepsspill og altså 5 mål.
Les heile sakaStavgang til Storfossen og «Markagardan»
Torsdag 12. juni møttest Stavganggruppa ved Gammelfabrikken i Todalen, der vi vart ønskte velkomne av Jon Olav Ørsal før vi la i veg opp Gammelvegen opp Falla, med Bjørg og Per Bruset som vegvisarar. Snart kom vi inn på Dalavegen, og følgde denne til vi kom opp til Talgø gard, der vi snudde og sette snuten nedover att.
Les heile sakaSjarmert i år óg!
Det er alltid ei triveleg samling når skule og barnehage inviterer foreldre, besteforeldre og andre interesserte til avslutning på nok eit skuleår. Årets var intet unntak, der ungane viste fram kva dei hadde øva på den siste tida. Barnehagen fekk plass tidleg i programmet med sine tre songar fremst frampå scenekanten. Etterpå gjekk det slag i slag med vitsar, dansenummer, sketsjar med og utan poeng men med dertil større innlevelse. Akkurat slik vi likar det.
Les heile saka