Etter gjennomførte jegerprøven i vår, var eg så heldig å bli med den faste talgøgjengen sammen med pappa til Terråk i Bindalen. Dei hadde vore i dette området i ca 10-12 år no, med Ragnar Halle som jaktsjef , med full kontroll. Etter seks timer med kjøring frå Todalen, kom vi fram til Terråk.
Les heile saka
Sia natt til laurdag har Netcoms basestasjon på Halset i Todalen vore ute av drift. I nattens «mulm og mørke» vart dekninga redusert til sporadisk signal som sikkert nok kjem frå basen på Strengen eller andre plassar. Telenor mobil har fullt signal og fungerer nok som vanleg. Frå måndag kl 8.10 var feilen utbetra og det var atter full dekning.
Les heile saka
Søndag arrangerer idrettslagets trimgruppe basar saman med ski-og friidrettsgruppa. Det skjer i Ungdomshuset, og basaren startar kl 16. Ein av postane på programmet er utdeling av utmerkelsar i samband med aktivitetar i trim- og friidrettsgruppa. Det skjer ca kl 17 og etterpå blir det trekkjing.
Les heile saka
Denne helga er det nok fleire jaktlag som nyttar finvêret og har stukket til skogs på jakt etter hjort og elg. Jaktlaget på sørsia fikk resultat alt under første jaginga i Øyalia ovafor Ungdomshuset, der det vart felt 2 dyr – ei kolle og ein 8-spirs bukk.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag hadde torsdag siste utflukt denne sesongen. Vanslegvis brukar vinteren å krype innpå denne tida av året, men i år ser det ut til å blir fint turvêr til overs. Men terminlista for haustaktivitetane hadde altså årets siste fellestur på plana torsdag og det er tradisjon med sesongslutt i klubbhuset på Vang skiàrena, der det var traktering med kaffe med tilhøyrande graut og bakels. Men her var det ei overrasking i år….
Les heile saka
Med næraste familie og venner tilstades fekk Olav Jostein Holten overrekt Kongens fortenestemedalje under ei markering av overrekkinga på Thon Vårsøg Hotell torsdag kveld.Det var ordførar Lilly Gunn Nyheim som føretok overrekkinga på vegne av kongen og fylkesmannen, og ho uttrykte stor stoltheit over å kunne heidre Olav Jostein for hans lange og solide innsats i samfunnets teneste.
Les heile saka
Kvar tirsdag er ei gruppe rindalingar på tur i omlandet. Sist tirsdag var dei på tur i Todalen, med Jon Bruset som eminent turguide. Han guida dei frå Todalshaugen, opp gjennom Kvendsetdalen og ned om Romådalen igjen. I turfølgjet var dei totalt 18 stk, som fekk ein lang, men fin tur. Harald Egil Folden har laga sak frå turen til Trollheimsporten, og der ligg det mange fine bilder å sjå
Les heile saka
Frå 1. november er den ytterste leiligheta i Todalen Sanitetshus ledig for utleige. Denne leiligheta vart sist oppussa i 2011 og er ei lita og lys 2-roms med vedomn. Husleiga er kr 2859,- pr månad, pluss straum. Denne blir indeksregulert frå mai påfølgande år melder styret i Todalen Sanitetsforening. Dei ønsker også å formidla at alle kan leige her, uavhengig kjønn og alder.
Les heile saka
Ei ny årstid gjer sitt inntog på Gammelfabrikken denne veka. Hagemøblane som har prega parkanlegget utomhus er i ferd med å kome på plass i utstillinga innomhus. Vinteren kan vere like rundt hjørnet no som vi skriv oktober – men først skal parkanlegget oppover mot fossen gjerast ferdig. Per E Gjeldnes Maskin har starta arbeidet […]
Les heile saka
Denne veka er Svorka Energi igang med framføring av straum til lysløypa på Tjønnmyran. Arbeidet med å legge jordkabel pågår no frå høgspentmasta/transformatoren mellom Talgø gard og Vestrum, og vil fortsette etter veggrøfta ned mot vegen til Tjønnmyran og vil deretter bli lagt i vegen opp til lysløypeanlegget.
Les heile saka
Surnadal kommune oppfordrar alle i nærleiken av kommunehuset om å sette av 10 minutt av (arbeids)tida si og komme til sørvistorget kl. 11 førstkomande fredag 10.10. Dei vil da, i likheit med mange alle andre kommunar i Møre og Romsdal, arrangere Water Friday. Dette for å markere at dei støttar opp om årets TV-aksjon. I år er TV-aksjonen tildelt Kirkens Nødhjelp under namnet «Vann forandrer alt» – framføring av reint vatn til over ein million menneskje.
Les heile saka
Dagens nyheitsbombe er nok Coop Norges kjøp av ICA Norge. Coop bladde opp 2,5 mrd. for ICA Norge som til saman har 553 butikkar rundt omkring i landet. Det har lenge vore kjent at ICA Norge har hatt store problem med sine butikkjeder i Noreg, som mellom anna står attafor Matkroken-kjeda der L. Hals EFTF AS er tilslutta.
Les heile saka