Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

G14 med nok ein seier

Elinor Bolme Onsdag 3. juni 2015

I går kveld starta G14 STUK opp att sin serierunde etter at de vann samtlege innleiande kampar. Motstandar var CFK 2, og gutane vann til slutt 3-0, etter mange gode sjansar. Nytt i ungdomsfotballen (G/J14 og G/J16) er at ein får 5 minutts pause på sidelinja om dommaren gir gult kort.

Under 1. omgang var STUK tildelt to slike, rett etter kvarandre, som gjorde at dei plutseleg vart to mindre ein periode. Dei berga, men måtte jobbe hardt i forsvar undertallige. aget viste også gode takter under Hydro Cup i helga, der dei vann tre og tapte ein, og endte til slutt på 5. plass i si klasse.

Resten av serien frå G14 STKU ligg her på Nordmøre og Romsdal fotballkrets si heimeside

image

Gutane hadde rimeleg kontroll begge omgangar.

image

Kevin Brusethaug set ballen i mål etter dømmt straffe for ei felling inne i 16-meteren. 2-0

 

image

Nokre harde tak vil det alltid bli. Her er det ein frå CFK 2 som treng ein pause på sidelinja etter kvart. Dommar Ola Magne Nordvik bistår.

Oppsettet for Norway Cup som er sommarens høgdepunkt er no klart. For dei som kan ha interesse av dette, så ligg det her: Puljeoversikt 2015

Først publisert: 3. juni 2015, 07:00 - Sist oppdatert: 2. juni 2015, 23:33