I kveld var det ein målrik fotballkamp på Bordholmen. Det var lokaloppgjør av beste sort, mellom G10 laga Søya/Todalen og Surnadal. Surnadalsgutane gjekk knallhardt ut og scora to raske mål før Søya/Todalen fekk summa seg. Men dette klarte dei fint å snu, og gjekk til pause med ledelse.
Les heile sakaStem på månadens bilete for august
Hausten har, under tvil, begynt å vise seg etter ein rekordvarm sommar, og det er på tide å finne månadens bilete for august. Vi har som vanleg fått inn mange fine bilete, og nokre av disse er plukka ut for å vera med i månadens avstemning.
Les heile sakaSkifte i gravferdsbyrået
Den 1. oktober blir det eigarskifte i Surnadal og Rindal begravelsesbyrå. Da går Ragna og Ivar Meisingset over i pensjonistanes rekkjer, og Anna Britt og Palmer Vikan tek over. Da er det heile 36 år sia Ragna starta eige gravferdsbyrå heim på garden i Øvre Surnadal. Anna Britt og Palmer er godt budd på å ta over, og vi er sikre på at vi overlater begravingsbyrået i trygge hender, seier Ragna Meisingset.
Les heile sakaÅrets 50-års konfirmantar blir satt stas på
Helga 27.- og 28. september markerer Todalen Sokneråd at det er 50 år sidan denne spreke gjengen var konfirmert i Todalen kyrkje. Det heile startar med gratis festmiddag med påfølgande kaffe i Todalen Ungdomshus for jubilantane og ellers alle andre som har lyst til å delta.
Les heile sakaTap, tross godt forsvarsspill
Søya/Todalen møtte topplaget Averøykameratene 2 til hjemmekamp i 6. divisjon på Søyabanen mandag kveld. Det skulle etterhvert vise seg at motstanden ble i tøffeste laget i denne kampen. Kjappe spillere med godt balltempo, der flere har prøvd seg i 3. divisjon i år, ble som forventet vanskelig og kampen endte med tap 0-4.
Les heile sakaAktiv dag på Skei
Laurdag var det premiere for Kreativt Forums torgdag på plassen framfor kulturhuset. Det var liten respons både frå utstillarane og frå publikum, og det hadde nok si årsak i marknadsføringa, trudde Tove Merete Schei som var ein av initiativtakarane gjennom Kreativt Forum. – men vi er godt i gang, fortalte ho, og no satsar dei på større aktivitet på neste torgdag som blir laurdag 4. oktober. Seinar blir det torgdag første laurdag i kvar månad.
Les heile sakaSenioruniversitetet har haustprogrammet klart
Denne hausten satsar dei på skihistorie og besøk på Skimuseet i Rindal. Det skjer onsdag 17. september. Det er absolutt vert å ta turen til Rindal sentrum, der det nye skimusett ligg. Senioruniversitet vil få både omvising og kaffe og svele – og høve til å friske opp mange minne frå gamle dagar.
Les heile sakaHar køyrt elbil i 13 år..
Fredrik Sjøflot er ein av pionerane når det gjel bruk av elbil, og kanskje den første i Surnadal kommune. Han kjøpte nemleg sin første Think elbil i 2001, og har altså «gått på strum» i 13 år. No har han sin bil nummer 2, ein Peugeot. Men den første elbilen kom til Noreg alt i 1903, og ute i den store verden kom elbilar på slutten av 1800-talet. Satsinga på elbilar i stor stil kom først på 2000-talet og faktisk dei siste åra etter at satsinga på ladestasjonar starta.
Les heile sakaInviterer til eldremiddag..
Ettermiddagskaffe på Bordholmen
Både måndag og onsdag blir det spela fotballkampar på Bordholmen. Måndag er det G12 Søya/Todalen som møter Halsa/Valsøyfjord, medan det onsdag er G10 Søya/Todalen mot Surnadal. Her blir det nok full fres begge dagar med avspark kl 18. Begge dagane vil det naturlegvis bli åpen kiosk med bakels å græt. Så om vêret held seg […]
Les heile sakaSiste finpuss på vassverket…
Laurdag var det vegdugnad og siste finpuss på Husby og Halle vassverk. Det er no over eit år sia den nye rensestasjonen og ny brønn vart ferdigstillt og godkjent av Mattilsynet. Denne gongen var det dugnad for å ta ei siste opprydding og grusing av den nye vegen opp til rensestasjonen.
Les heile sakaSlutt på spretthoppar….
Setningar i vegbanen er eit problem fleire plassar i bygda, men no blir det gjort noko med det på dei verste punkta. Ved Sissiå – like ved avkjøringa til småbåthana er det ei gammel stikkrenne som meir eller mindre har kollapsa, og dette har fårt til at det blir ein skikkeleg spretthopp for traktorar og vogntok med last. Ved Lauvåbrua er det også ein skikkeleg setning som skapar problem
Les heile saka