Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nei til søndagsopne butikkar, utover det som er per i dag

Elinor Bolme Onsdag 1. juli 2015

Direkte frå Ordførar Lilly Gunn Nyheim har vi motteke saka vedrørande endringane i helligdagslova om sønndagsopne butikkar. Denne saka vart behandla i Surnadal Formannskap mondag kveld, og vi gjengir saksframlegget og tilslutninga her.

PS 62/15

Høringsuttale – Forslag om endringar i helligdagsloven for å tillate søndagsopne butikkar

2015/1278

Vurdering

Ordføraren meiner det ikkje er behov for, eller hensiktsmessig med liberalisering som legg til rette for meir søndagshandel utover det som det i dag er adgang til. Ordføraren meiner tvert imot at det er viktig å oppretthalde grenser for kommersiell aktivitet på søndagar. Grenser for kommersiell aktivitet på søn- og helligdagar bidreg til å bevare disse dagane i samsvar med sedvane og våre tradisjonar.

Søndagen er ein viktig felles fridag og kviledag, og det er ein viktig samfunnsverdi for befolkninga å vidareføre søndagen som ein dag som skil seg frå dei andre dagane, ein dag som er viktig for livsrytmen til folk flest. Ordføraren meiner det er sannsynlig at regjeringas forslag til liberalisering vil ha store konsekvensar for familieliv, arbeidsliv og ikkje minst kulturliv og frivillig sektor.

 

Ordføraren si tilråding

Surnadal kommune sender følgjande høringsuttale:

Surnadal formannskap støttar ikkje dei foreslåtte lovendringane, verken primærforslaget eller sekundærforslaget. Surnadal formannskap meiner det ikkje er behov for eller hensiktsmessig med ei liberalisering som legg til rette for meir søndagshandel utover det som det i dag er tilgang til. Vi meiner tvert imot at det er viktig å oppretthalde grenser for kommersiell aktivitet på søndagar. Grenser for kommersiell aktivitet på søn- og helligdager bidreg til å bevare disse dagene i samsvar med våre tradisjonar og sedvane.

Søndagen er ein viktig felles fridag og kviledag, og det er ein viktig samfunnsverdi for befolkninga å vidareføre søndagen som ein dag som skil seg frå dei andre dagane, ein dag som er viktig for livsrytmen til folk flest. Vi meiner det er sannsynlig at regjeringas forslag til liberalisering vil ha store konsekvensar for familieliv, arbeidsliv og ikkje minst kulturliv og frivillig sektor.

Tilrådinga frå ordføraren fekk einstemmig tilslutning

Bildet er henta fra Trollheimsporten, da det på  Surnadal kommune si heimeside ikkje heilt korrekt i samansetjing.

Publisert: 1. juli 2015, 22:11