Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Og storkamp vart det!

Elinor Bolme Torsdag 2. juli 2015

Dei gamle er fortsatt eldst, og dei minste er fortsatt lettast. Både i kroppen og på foten. Det var vel dei fleste enige i etter at Bøfjorden «sjokkåpna» med 0-1 mot Todalen på Bordholmen stadion i går kveld. Her var mange års fotballerfaring samla til venskapleg kamp, som naturlegvis vart dødens alvorleg etter kvart.

Dommar Ola Magne Nordvik var myndig frå start til slutt, og måtte dele ut gule kort til begge lag, gi tiltale til innbyttarbenken til heimelaget, og ein straffe til Todalen på tampen. Likevel var det nok bøfjordkarane som gjekk lettast av banen etter 2×45 med 5-8 seier.

Todalskeeper Håvard Halset hadde eit par uheldige hendingar mellom stengene som han garantert kjem til å ta revansje på når Bøfjorden inviterer til omkamp utpå hausten. Men han hadde også fleire fine redningar. Bøfjorden hadde fleire sjansar som heilt klart skulle resultert i mål, men skuddføtene var ikkje heilt finjustert.

Les kva Bøfjordingane skriv på si heimeside om kampen: Målbonanza på Bordholmen

Under er eit lite bildegalleri frå kampen. Heldigvis utan lyd, da todalssupporterane var på høgd med bøfjordssupporterane før i tida…. Alle foto: ElinorB

 

Først publisert: 2. juli 2015, 00:16 - Sist oppdatert: 1. juli 2015, 23:25