Laurdag ettermiddag var det tid for førjulskafè i Todalen ungdomshus. Det var Start 4H, FAU, PT-utvalet, idrettslaget, bondelaget og saniteten som hadde invitert sambygdingane til felles arrangement. Dei var spente på om folk hadde tid til eit lite avbrekk midt i julestrida, men det trong dei ikkje bekymre seg for.
Les heile sakaAdventsquiz – Tredje søndag
Det har blitt tredje søndag i advent, og det er klart for tredje porsjon av Todalen.no sin adventsquiz. Klarer du desse nøttene, er du med i trekninga av ein overraskelsespremie. Kanskje kan du finne nokre av svara her på Todalen.no, om du ikkje kan alt?
Les heile sakaUtmerkingar til spreke T.I.L.-medlemar
Laurdag var det internasjonal julekafè i Todalen ungdomshus, der lag og organisasjonar inviterte både innfødte og innflytta sambygdinga til triveleg lag og sosialt samvær. Todalen idrettslag var ein av organisasjonane som stod attafor tiltaket, og dei nytta høvet til å dele ut utmerkingar til spreke medlemar som har oppnådd krava til merkeprøve. Sjølv om det var mange om det var utdelt fleire ytmerkingar som heng høgt kom nok Johan Kvendset i ein eigen divisjon.
Les heile sakaI dag: Førjulskaffe
Førstkommande laurdag inviterer fleire lag og organisasjonar i bygda til triveleg adventskaffe. Fleire har sikker registrert at ein har fått invitasjon i posten sist veke. Her er det 4H, FAU, PT-utvalget, Idrettslaget, Bondelaget og Saniteten som har gått i lag for å arrangere ei triveleg førjulsstund i Todalen Ungdomshus.
Les heile sakaBles nytt liv i julegrantradisjonen
I Bruset marka bles dei nytt liv i tradisjonen med julegrantenning. Fredag kveld kom julegrana på plass i Trudvangkrysset, og sjølvsagt var det festivitas og stas med lystenninga. Og med julegrantenninga høyrer det med litt festivitas med gløgg, clementiner og varme pølser, og sjølvsagt høyrer litt julemusikk med.
Les heile sakaUtdeling av høgthengande skimerker
Ski-og friidrettsgruppa benytter laurdagens førjulskaffe i Todalen Ungdomshus til å dele ut premiar innan skimerketaking for 2014. Åshild Halle som er merkeansvarleg i idrettslaget seier ho ser fram til utdelinga, da dei denne gongen skal få lov til å dele ut fleire gjeve utmerkelsar til aktive skientusiastar i bygda.
Les heile sakaNytt randonné renn for Todalen IL
Også vinteren 2015 står Todalen IL som arrangør av Norges Cuprenn i randoné. Todalen IL har fått to renn 14. og 15. februar, lagt til Kårvatn. Den 14. er det Randone Individuell, med samme opplegg som tidlegare år, mens det den 15. er det Sprint, som er nytt for arrangørane.
Les heile sakaJuleavslutning i skule og barnehage….
Tida går fort mot jul, og onsdag 17. desember kl 18.00 inviterer skulen og barnehagen til juleavslutning i gymsalen på Todalen skule. Der blir det litt av kvart å sjå og høyre, der borna vil underhalde og sjølvsagt litt traktering. Det er nok visse forventningar til at nissen dukkar opp også, ettersom vi forstår!
Les heile sakaJohan K i sine beste år
Nok ein gong har vi eit gamalt bilde frå fotoarkivet til Todalen Historielag. Her er det Johan K. Ørsal som deltek ved sau-utstilling på Ålvundeidet i 1957. Vi dreg kjensel på nokre bak utgarden: Randi Ramsøy, Ane Talgø (Valset), Inge Ramsøy, Magne Heggset og Kristen J. Ørsal.
Les heile sakaUkesvinner og fasit av adventsquizen.
Andre runde med adventsquiz er ferdig, og vinneren er trukket.
Les heile sakaStangvik kyrkje: Fristar med adventkonsert
Stangvik jentekor inviterer til adventkonsert i Stangvik kyrkje tysdag kveld. Dei har fått med seg Todalskoret og Åsskard kyrkjekor, og byr på både korsong, allsong, legender og eit lite krybbespel set førjulstida i fokus. Konserten startar kl 19.30.
Les heile sakaIntimkonsert i Skulstuå – forsmak på julestemninga
Søndag ettermiddag var det konsert med forsmak på julestemninga i Skulstuå. Familien Kvendset frå Vanvikan, med mor og far – Randi og Ingebrigt, og borna Bodil(14), Hallvard (11) og Alfred (9) – frista oss med konsert og allsong. Det vart ei triveleg ettermiddagsstund med mykje song og musikk.
Les heile saka