Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nyhus og Faukstad kosa seg i lag med publikum

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. september 2015

Fire konsertar i løpet av ein dag var programmet til dei to veteranane Sven Nyhus (83) og Jon Faukstad (71) tysdag.  3 institusjonskonsertar i Stangvika, Sunndalsøra og i Surnadal og runda av med open konsert med eit 70 publikumarar i Todalen ungdomshus tysdag kveld. Her kosa dei seg saman med publikum, jammen livna dei to gamle sirkushestane til da publikum tok seg ein svingom under konserten.

NyhusSvingom_2859

Ein svingom vart det også høve til. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Dei to hadde litt av kvart på eit variert kveldsprogram – som skulle vare ein time, men som etter kvart vart ein og ein halv time. Dei to er nok gamle ringrevar på scena og da skal det ikkje meir til enn skikkeleg respons frå publikum, før dei blir ivrige og gløymer tida.Først ut var ”Hammarforsens brus” og sidan gikk det slag i slag med ”Regnbuen”, ”Pinnsvinskinnet”, ”Romanipiken” ,”Veslemøys song” og ”Jendines bådnlåt” og mange fleire til. Etter pausen kunne Nyhus og Faukstad kunne også by på musikk etter Hallvard Ørsal – ”Neådalinn” – ein reinlender som vart komponert under gjetaropphald i Neådalen og så Todalspolsen som sjølvsagt lokka dansarar ut på dansegolvet, både gamal og ung.

Dei to krydra musikken med forteljingar på ein fin måte under konserten. Sven Nyhus kjente til både Hallvard og sonen Trygve som også var spelmann og budde i Straumsneset. Fela som Sven Nyhus brukte var frå 1893 og hadde tidlegare tilhøyrt Johan Halvorsen – og Jon Faukstad hadde i tillegg til trekkspelet med seg ein ein-rader som han demonstrerte til stor applaus frå publikum.Ein triveleg musikkveld som dei to runda av med Sven Nyhus eigen – og mest kjente komposisjon Bergrosa. Arrangementet var eit samarbeid mellom KKKK-konsertane og Todalskoret.

OlinMagnhild_2842

Olina Halle og Magnhild Dyrnes tek seg ein svingom. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

ReidunHalle&SiljeOsnes_2846

… det gjorde også Reidun Halle og Silje Osnes. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

SvenNyhus_2824

Sven Nyhus med fela frå 1893 som tidlegare har tilhøyrt Johan Halvorsen. foto: Driva/Jon Olav Ørsal

JonFaukstad_enrader_2827

Johan Faukstad demonstrerte ein-raderen for oss. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 16. september 2015, 10:00