Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lilly Gunn fortsett i 4 år

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. september 2015

Lilly Gunn Nyheim fortsett som ordførar og Helge Røv blir varaordførar dei neste 4 åra. Det er klart etter at Arbeiderpartiet har gjort avtale med Framstegspartiet og Miljøpartiet om valteknisk støtte. Dermed er orførarkabalen i Surnadal på plass.  Ap har måttet love ein plass i formannskapet til Miljøpartiet, noko også Framstegspartiet ønska men ikkje har fått lovnad på, skriv Driva.no på sine nettsider.

Men no blir det altså Lilly Gunn og Helge dei neste 4 åra. Helge Røv er attende i politikken etter ein lang pause sia han var ordførar i perioden 1984-1986. No blir han altså varaordførar dei neste 4 åra.  Resten av kabalen er enno ikkje klar, men vi reknar med at det blir kamp om ledarvervet i dei forskjellige utvala etter kvart.

Publisert: 16. september 2015, 18:46