Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Utfart til Iggeltjønna

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. september 2015

Denne torsdagen gikk stavgangturen til Iggeltjønna i Rindal. Iggeltjønna og området rundt er eit heilt suverent turområde og det er lett å sjå at det er lagt ned ein stor innsats for å skape eit slik flott friluftsanlegg som faktisk er mykje bruka gjennom heile året. Det går ein fin tursti rundt Iggeltjønna, og dei fleste tok runden før heile gjengen benka seg til kaffepause etterpå.

Det var heile 31 deltakarar på turen, og Per Bruset var som vanleg turleiar for stavganggruppas utfarg. Neste torsdag går turen til Båtvika står det i terminlista: «Vi køyrer til Bæverdalen og fortset utover på nordsida av fjorden til Flesen (skilt). Her har vi to alternativ for å koma til Båtvika: 1: den som vil kan gå den gamle skulevegen 2: eller følgja Ole Flesen, som opnar bommen og vi kan køyra til parkering ikkje langt frå Båtvika. Vi tek matpausen i Båtvika. Fotty: joggesko. Ta med sitteunderlag!»

Eit stort bildegalleri frå turen til Iggeltjønna ligg nedafor  – alle foto: Sigrun Ørsal

 

Publisert: 17. september 2015, 19:24