Etter siste mildvêret vart det skart og hardt føre i den nye lysløypa på Tjønnmyran. Laurdag ettermiddag vart heile løypa fresa skikkeleg opp, og det var køyrt på nytt spor. Ypperleg forhold for den som vil ta seg ein ettermiddags- eller kveldstur i løypa, fortel Ståle Ansnes som var der med traktor og løypemaskina.
Les heile sakaGudsteneste i Todalen kyrkje
Søndag 25. januar kl 11.00 er det gudsteneste med sokneprest Bernt Venås i Todalen kyrkje, melder Todalen sokneråd.
Takkoffer. Alle er velkomne!
..på sin daglege tur frå matfatet
Ein skokk med rådyr – 5 i talet denne larurdagen – er på tur attende til skogen, etter den dagelege turen til flomålet ved Bordholmen. Da gjeld det å følge tidtabellen for flo og fjøre, slik at det blir litt mat å finne.
Les heile sakaEttermiddagskaffe: – Gamle ord og uttrykk blir tema
Søndag ettermiddag – nærare bestemt kl 14.00 – inviterer Todalen historielag til ettermiddagskaffe i Todalen ungdomshus. Det har etter kvart vorte tradisjon med eit slikt arrangement, som har stor oppslutning. Hovudtema på årets arrangement er gamle ord og uttrykk, og Gunnvald Bøe frå Bøfjord Historielag er leid inn som kåsør, og vi trur dette blir interessant for mange!
Les heile sakaMildare utover dagen, men så kaldare igjen
Siste natt har nok sett kulderekord for 2015 – mesta 10 kuldegrader som minimumstemperatur her, men sikkert kaldare enkelte plassar rund omkring i bygda. Utover dagen er det meldt mildare vêr, og til kvelden får vi nok raude tal med varmegrader dersom yr.no får rett.
Les heile sakaØSIL nestemann ut
Stabile vinterforhold gjer at sonerenna kan arrangerast på løpande band. Sist helg var det IL Søya som arrangerte, mens det førstkommande tirsdag er ØSIL som arrangerer. Her blir det fristilrenn i lysløypeanlegget i Holtamoan.
Les heile saka«Donorkveld» med mykje kultur…
Tysdag kveld var det kombinert informasjonskveld og musikerdugnad i Surnadal kulturhus. Mimi Kleiberg i stiftelsen Organdonasjon heldt eit veldig interessant foredrag og klarte å avmystifisere alle spørsmål for den som har vore i tvil om kva dette er og kva det betyr. Eit større høgdepunkt var musikerdugnaden, der lokal aktørar entra scene og delte song- og musikkglede med oss rundt 200 som var tilhørarar i salen.
Les heile sakaStrøken is på Bordholmen….
Det kalde været dei siste dagane har vært til stor hjelp både for produksjon av snø i Sæterlia og is på Bordholmen. Isen er klar til bruk, og Todalen Idrettslag har både køller, puck, mål – og noen få skøyter til utlån, melder Knut Bergli i T.I.L.
Les heile sakaLaurdag: Familiedag på skulen
Laurdag 24. januar kl 12. Familiedagen som til vanleg er i Skulstuå, flyttar denne gongen til skulen det vi har fått lånt sløydsalen og heimkunnskapsrommet i 2. etg. Der blir det anledning til å lage seg ein fuglekasse eller prøve seg på litt tekstilarbeid. På heimkunnskapsrommet (kjøkkenet) blir det servert kaffe/saft og noko og bite […]
Les heile sakaStor gratiskonsert for organdonasjon
Ingvild Kårvatn og Fay Johansen var seinhaustes i Todalen og markerte den internasjonale donordagen. No har dei utvida aspektet litt, og inviterer til storstilt gratiskonsert for å opplyse om organdonasjon på Surnadal kulturhus, i morgon tirsdag. Mange i Surnadal ønsker å bidra, og i den anledning har blandt anna Torstein Snekvik, Svein Håvard Saksen, koret Vox, Inge Bævre, Toril Moe og Gøran Bolme sagt at JA, sjølvsagt blir vi med på dette!!
Les heile sakaStem på Årets bilete 2014
Då er tida kome for å stemma fram det beste bilete for 2014. No er det snart fem år siden vi starta med å stemma fram månadens bilete, og fem og eit halvt år siden vi byrja å leggja ut bilete vi får inn dagleg. Det betyr at vi no har eit arkiv på meir enn 2000 bilete.
Les heile sakaHjortfesta blir laurdag 31. januar
Hjortfesta som var planlagt i fjorhaust blir arrangert laurdag 31. januar, fortel festleiar Håvard Halset, som oppfordrar til å kome på fest. Denne gongen er det jaktlaget på sørsia som er arrangør, og dei har mykje å by på denne kvelden – mellom anna ein velsmakande viltmeny.
Les heile saka