Mange har kanskje teke påskeferie og gjort som deler av redaksjonen hos Todalen.no, stukke til fjells. Vi slakker derfor i kommande veke litt på dei store nyhetssaker, men har tenkt å halda besøkstala oppe og serverer dykk derfor ein storveis påskekrim som går over 6 dagar. Vi har nemleg vore så heldig å ha fått inn ein påskekrim tilpassa for Todalen. Forfattaren er Guro Redalen, og vi lover at denne kjem du ikkje til å lesa berre ein del av!
Les heile sakaLeah og bestefar – butikk på vegkanten
Leah Jørgensen og bestefar Bernt hadde laurdag rigga seg til med butikk på vegkanten på Kvennset. Leah er på påskebesøk hos bestefar og bestemor i Todalen og nytta finvêret til å rigge til butikk, der dei bydde fram eit utval treprodukt frå lageret på Spikbua til Bernt. Leah hadde teikna salsplakat og saman har dei […]
Les heile sakaSurnadal alpinsenter: Opnar igjen laurdag
Laurdag opnar Surnadal alpinsenter bakken igjen. Alpinsentret har nemleg vore stengt sia måndag, for nettopp å spare på skiføret til påske. Skiføret ser ut til å halde bra, så da er det berre å ta skiene fatt. Dersom vêret tillet det, så vil det bli dagkjøring kvar dag fram til 2. påskedag for vi opplyst. Opningstida frå laurdag 28. mars er 11-16 kvar dag.
Pass deg for hjortviltet….
Grøne spirar på ekrene er nok fristande for hjort og rådyr, som etter vinteren har meir enn lyst på litt «ferskvare». Etter kvart er også hjorten komen på trekk, og det fører til stor trafikk av hjort på innmark, og dette skaper mange trafikkfarlege situasjonar når den må passere vegen. Det er difor all grunn til å være forsiktig når du ferdast etter vegane – spesielt er faren for viltpåkjørsel stor i skymringa både morgon og kveld.
Les heile saka«Storrundt» har stopp på Kårvatn i dag…
I serien «Storrundt», med historiske bilde som Todalen historielag viste på lagets årsmøte tidlegare i vinter, er i vi dag komne oppi «Markagardan» eller kanskje vi heller skal seie Kårvatn og omliggjande hus og heimar. Det er nok mange som kjenner seg att, men nokre av bileta er nok såpass gamle at mange kanskje har litt problem med det….
Les heile sakaSaniteten: Aksjon kunstlotteri
Saniteten «aksjonerer» med salg av lodd til sitt kunstlotterie på Matkroken i helga. Da vi var innom var det leiar i Todalen Sanitetsforening Maren Ansnes som stod for salget. Vidare utover dagen og laurdag skal fleire av medlemane gå på skift innafor butikkens opningstid. Stikk innom og støtt Todalen sanitetsforening med kjøp av loddar!
Les heile sakaLykkelig som liten, eller ein utkant i utkanten?
I går kveld vart det siste folkemøtet i regi ordførar og rådmann i forbindelse med kommunereforma arrangert i Todalen. Mellom 40 og 50 personar var møtt opp for å få ei innføring i kva kommunane no er pålagt frå Regjeringa i forbindelse med denne reforma. Møtet starta med ei generell orientering fra Lilli Gunn Nyheim og Knut Haugen om kva dette kan innebære for innbyggarane i Surnadal kommune, samt planprosessen så langt i arbeidet.
Les heile sakaInnsamlinga gav ny rekord i Todalen
Todalen sokneråd har no endeleg fått bekrefta beløpet etter konfirmantanes bidrag i Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon på tirsdag. Og dei fem konfirmantane samla inn heile 9973 kroner på halvanna time. Dette er godt over fjorårets sum på 7678,- og soknerådet er storveies fornøgd med ungdommanes fenomenale innsats og ønsker nok ein gong og takke dei for jobben dei gjorde, seier Signe Marie Grønmyr frå soknerådet.
Les heile sakaFortsett med å skape gode fotballminner
I fjor arrangerte IL Søya ein vellykka Fair-Play kveld med Per Ravn Omdal som gjest. I år tenkte dei nok litt i samme bane og inviterte samtlege spelarar, trenarar, oppmenn og andre føresatte til Kickoffkveld på kantina på Surnadal Ungdomsskule. Og med fullsett sal, vel 120 frammøtte vart det nok eit vellykka arrangement. Her deltok også dei samarbeidande klubbane Todalen og Kvass/Ulvungen.
Les heile sakaStort påskesalg startar fredag
Vårvarene er like rundt hjørnet, og fredag starter påskesalget på Kårvatn Fjellutstyr for å rydde plass til vårkolleksjonen. Da får du minimum 40% på alt, står det i annonsen. Butikken er open frå 10-16 alle kvardagar – tysdag 31. er det langope frå 10-19. Har du påskeferie kan du kombinere handleturen med skitur, for det er framleis godt skiføre både på Kårvatn og i fjellet. Laurdag blir det kaffe med marengkake i butikken!
Les heile sakaSøndagsturen 52-17 til Nordvik – oppdatert
Søndag 29. mars inviterer Nordvik Grendalag til skidag på Nordvik. Der blir det samlingsplass i helninga øst for inntaksdammen. Det blir mulighet for aking, hopping, kulekjøring. Her blir det også mulighet for å ordne seg noe varm mat på bålpanne og grendalaget ordner med varme.
Les heile sakaGikk for reint vatn
I går kveld var konfirmantane i heile kommunen ute på den årlege innsamlingsaksjonen for Kirkens Nødhjelp. På ein og ein halv time hadde dei fem ungdomane besøkt kvar husstand med bøssene, og dei vart riktig så godt motteke av todalingane. Fleire var oppmøtt ved dørene før dei rakk og ringe på. Andre hadde til og med venta sidan i dagen før på at konfirmantane skulle dukke opp.
Les heile saka