Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julegrana vart tent, utan tegn til julestemning

Elinor Bolme Sundag 6. desember 2015

Litt ruskete vêr la ikkje nevneverdig demping på den tradisjonelle julegrantenninga ved Hals i ettermiddag. PT-utvalget som var arrangert hadde ordna med gløgg, saft, pepparkaker og twist til dei mange frammøtte. Trass lite som minna om andre søndag i advent og 6. desember fekk juletreet lysa tennt i vindkasta.

Ungane let ikkje veret sette ein dempar på arrangementet og kosa seg som vanleg i lag og venta spendt på om nissen dukka opp i år også. Og det er definitivt ein mann til å lite på. I fleirtal, for to stk kom og delte ut pakkar til alle ungane.

Under er  eit lite bildegalleri frå seansen ved butikken. Alle foto ElinorB

Publisert: 6. desember 2015, 21:13