Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flyttar inn om eit par dagar

Jon Olav Ørsal Måndag 7. desember 2015

I Pestufjøset har det skjedd mykje sia sist vi var innom. Framleis er det ein del som ikkje er ferdig, men båsrekkjene er på plass, og dei 2 robotane er på plass og rørleggarar, elektrikarar og maskinmontørar jobba på spreng for å få kopla til og satt i drift utstyret som skal til. Onsdag kjem dei første kyrne og flyttar inn…..

2Robotar_5052

To robotar må til for å ha kapasitet til å mjølke alle kyrne. Foto: Jon Olav Ørsal

Onsdag kjem det dei 30-40 første kyrne og i slutten av veka kjem det eit tjuetal til og seinare kjem dei restrande, slik at det etterkvart blir eit stort hundretal kyr i fjøset, fortel Anders A. Karlsen. Det er han og Ståle Ansnes som skal stå for mjølkeproduksjon og den første jobben som må gjerast er å lære opp kyrne til å bli mjølka i robot. Det tek nok litt tid, men denne prosessen er ein berre nøydd til å gjennom. – Heldig vis har blir mjølkinga av kvar einaste ku registrert i dataanlegget, slik at dei kan sjø kva kyr som er mjølka og kor ofte. Etter kvart lærer dei nok dette slik at dei kjenner når det er tid for mjølking eller dei blir stimulerte til å ta turen innom roboten for å få ein liten godbit med kraftfôr.

Men da vi var innom var det sjølvsagt å bli ferdig med monteringsarbeidet som stod i fokus, og det var ein hærskare med montørar som jobba på mange frontar. Minner faktisk litt om butikkopning dette – når opningsdagen kom så kom kundane inn hovudinngangen og handverkarane samla saman sitt verktøy og tok kuten ut bakvegen. Her er det vel litt meir avslappa, for det dreier seg om å få utstyret til mjølking og fôring til å fungere, så får resten bli gjort ferdig etter kvart.

Staale_Anders_5074

CO2 klimanøytral mjølketank – absolutt siste skrik og verdsnyheit! Ståle og Anders tykte det var eit viktig val. Foto: Jon Olav Ørsal

Frå Tine Gårsdstankservie var det 2 mann som monterte mjølketank. Den har kapasitet på 10.000 liter og det skal halde for tømming kvar 3. dag – året rundt. Den er faktisk ein av dei mest moderne i verden – såkalla CO2-nøytral og har faktisk CO2 som kjølemedium. Det er mykje meir miljøvenleg enn stoff som vart bruka i mjølketankane tidlegar som inneheldt kjølemedium som var mykje meir miljøskadeleg.

Ståle og Anders går nok ei spanande tid i møte med nytt fjøs og mykje nytt utstyr, men det blir ein topp moderne arbeidsplass og høg mekaniseringsgrad som gjer alt lettvint og det er hjelpemidlar til å ta dei tunge løfta i ein travel kvardag.

Sjå bildegalleriet frå monteringsarbeidet som pågår i det nye og moderne mjølkefjøset i Pestua.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 7. desember 2015, 23:15