Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trør til med julekonsert…

Jon Olav Ørsal Onsdag 9. desember 2015

Stangviks eige jentekor er hovudaktør når Stangvik kyrkje også denne fredagen inviterer til juletonar.  Med seg på laget har dei både Todalskoret, Åsskard kyrkjekor, Torunn og Turid Kroknes,Torgrim Tunes og Christian Madaus på fløyte.

Juleevangeliet står sentralt i programmet – både vokalt, instrumentalt og scenisk. Stangvik Jentekor har m.a. laga pantomime over Luther-salmen «Fra himlen høyt» og eit mini-syngespel over «Julekveldsvisa» av Prøysen. Berit Anne Røkkum (regi og dekor) og Christian Madaus (fløyte) er saman med koret og foreldra medaktørar i opplegget. Som blandakor serverer Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor godbitar frå sitt juleprogram – kall det gjerne smaksprøver på deira store satsing med kantate og julehymner i Todalen og Åsskard siste søndag før jul.

Torunn og Turid Røen Kroknes duetterer i «Sound the Trumpet» frå 1600-talet. Foto: BB

«Julverset» frå Stangvik inngår denne gong i eit lite 200-årsjubileum – for «gammelklokkaren» Christen Bruseth, som var fødd i 1815 og var ein legendarisk tolkar av denne fantastiske folketonen.  Sopranen Torunn Kroknes syng m.a. «Julvisa» av ein annan jubilant, Jean Sibelius (150 år). Saman med mor Turid (alt) framfører ho også Purcells virtuose duett «Sound the Trumpet».  Med «Ord i advent» vil Torgrim Tunes samle sinn og tankar inn mot den komande høgtida.

Kortreist juleprogram denne kvelden altså – med vekt på sentrale element i julefeiringa!

2015 12 11 Plakat Stangvik

 

Publisert: 9. desember 2015, 17:00