Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Satsar på tett tak til jul…

Jon Olav Ørsal Måndag 7. desember 2015

Familien Gjeldnes/Skjerve er komne godt i gang med husbygginga på tomta si i Bekkerhagan bustadfelt. Litt originalt er det nok at dei har kjøpt eit gamalt tømmerhus i Rissa, som dei har flytta til Todalen. No er dei i gang med å montere det saman igjen, og det har gått radigt.  Måndag trefte vi Rolf Lervik og Robert Ulfsnes, frå firma Lervike AS på byggeplassen. De var i full gang med å bygge stillas for moteringa av tak på huset.

DSC_5004

Måndag var det montering av stillasj som stod på programmet – tysdag startar monteringa av sperrer, fortalte Robert ulfsnes og Rolf Lervik. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er firma Lervike As frå Jordalsgrenda som både har demontert huset i Rissa og som no er i gang med montering på nytt fundament i Todalen. Dei fortel at tømmerhuset er i god stand, sjølv om det er gamalt og både demontering, transport og monteringa har gått greit så løangt. Tirsdag er det plana at det sakl kome kranbil og da skal resten av stokkane på plass, og det skal monteres sperrer. Og dersom alt går etter plana og vêrgudane stiller på lag, skal det kome på tett og godt torvtak før jul, seier Rolf Lervik til Todalen.no.

Bildeglimt frå husbygginga i Bekkerhagan.  Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 7. desember 2015, 17:50