Neste måndag, den 19. oktober mellom klokka 11.30 og 13.00 blir det i samarbeid med Surnadal videregåande skule og Todalen Sanitetsforening arrangert formiddagskaffe til alle pensjonistar i Todalen igjen. Dette er i forbindelse med læreplana til ein klasse med 16 gutter og jenter som i år går helse- og oppvekstlinja på Surnadal vgs.
Les heile saka
Kommande veke startar Barneidrettsgruppa i IL Søya opp gjen med barneidrett i gymsalen på Stangvik Oppvekstsenter. Beate Kristine Svendsli Nes og Liv Heidi Kvande vil ha ansvaret for den yngste gruppa, medan Vegard Kvande Moen og Anne Saltrø Polden vil ta seg av dei to eldste gruppene på onsdagar. Dei ser an oppmøtet frå dei ulike trinna, og tek ei justering etter kvart dersom dei ser behov for det etter oppmøte.
Les heile saka
Jeg heter Eirin Torheim Rendal og er født 31. august 1993. Min mor heter Anne Grethe Torheim og min far Jan Ludvik Rendal. Jeg har også en eldre bror som heter Frode. Jeg er oppvokst på Halsen (ved Halset bru), og på Ljosheim
Les heile saka
Sjakkgjengen minner om at det er ny runde på Matkroken søndag kveld kl 19.30. Alle som har lyst kan kome og bli med – både gammel og ung, fortel Trygve Halle som er ein av initiativtakarane. Det er trivelege og uhøgtidlege kveldar som blir arrangert annakvar søndagskveld i kaffekroken på butikken. På etterjulsvinteren blir det lagt opp til turnering og finale i løpet av påskehelga.
Les heile saka
Laurdag kveld inviterte soknerådet til konfirmantfest i Ungdomshuset. Sokneprest Bernt Venås ønskte alle velkomne til ein enkel, stille og roleg fest der sosialt samver var det viktigaste. Og det vart ein riktig så fin kveld med god og triveleg prat, nydeleg gryterett og gode kaker. Søndag 27. juni 1965 var det heile tolv konfirmantar i […]
Les heile saka
I dag var det rekorddeltaking på strikkekafeen i Sanitetshuset – eit lite trettital var i full sving med strikkepinnane da vi stakk innom. Det vart servert nystekt eplekake og kaffe til alle som var innom – både sosialt, triveleg og ikkje minst nyttig seier Elinor Bolme som forøvrig er fylkesleiar for sanitetskvinnene i Møre og Romsdal.
Les heile saka
Jaktlaget på sørsia som har jaktområde frå Bruset og nedover til og med Halset tok ein fin kronhjort i første jaging i dag. Dei jaga området frå Haukåa og innover, og her kom altså storbukken og gikk «rett i garnet» 2-300 meter ovafor Ungdomshuset. Eit par velretta skot frå Roger Halvorsen sendte 12-takkeren rett i bakkan.
Les heile saka
I haust har det vore stor byggeaktivitet i Pestua. Oksefjøset som vart bygd i 2007, og teke i bruk i byrjinga av 2008, blir no bygd om og utvida med ei avdeling for mjølkeproduksjon. Det «gamle fjøset får i samband med omlegginga tilbygg i begge endar – tilsaman rundt 940 m2, så heile fjøsbygget blir på knappe 2500 m2 når det står ferdig rundt juletider. Denne veka vart veggelementa frå Elementfabrikken ved MøreRoyal levert, og da vart faktisk Svinviktunellen for liten…
Les heile saka
For september kan vi gratulere Ingri Bruset som vinnar av månadens bilete med «Kvennaferjå i solnedgang» med over femti av dei 200 stemmene, som også vann månadens bilete forrige månad. Alle dei andre bileta fekk rundt tjue stemmer kvar. Nedanfor finn du alle månadens utvalgte bidrag. Vi gratulerer og lovar at premien overleveres ved første anledning.
Les heile saka
Torsdag 8. oktober møtte 37 stavgangarar i Surnadal Pensjonistlag ved Vang Skiarena. Dette er siste stavgangturen i år, og derfor blir det som tradisjonen er, servert graut, bakels og trollkrem. Til avslutning gav Jorunn Ness blomster til styret i Stavganggruppa, grautkokarar, bakelssteikarar og mellom dei Brit Nordvik, som fylte år i dag. I tillegg vanka […]
Les heile saka
Tysdag kveld kling allsong, korsong og tasteinstrument i Stangvik kyrkje. Tonekvelden er ein solidaritetskonsert til inntekt for flyktningesaka. Stangvik Jentekor, Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor syng eit variert korprogram – frå barneviser til Bach og Handel. Ein av jentekorets songar er også dramatisert.
Les heile saka
Siste skrik på sykkelfronten er El-syklar. Kårvatn Fjellustyr er forhandlar av el-syklar, og komande laurdag arrangerer dei demodag ffor å vise fram produkta ved butikken på Kårvatn. El-sykkelen er eit artig transportmiddel og det er heilt utruleg kor god hjelp du får av den lille el-motoren som er innebygd i sykkelen. Tunge bakkar, full handlekorg og motvind er nokre argument for å velge el-sykkel. Lite lyst til å sykle på jobb og skule likeså….
Les heile saka