Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vårcruise på Todalsfjorden

Jon Olav Ørsal Måndag 30. mai 2016

Det var nok mange som lurte på kva ferja «Åfjord» dreiv med på Todalsfjorden måndag. Ferje var på «vårcruise» med politikarar, næringslivfolk og byråkratar for å informere om Todalsfjordprosjektet i ein slags minikonferanse på bølgan blå. Det var Karin Halle og Per Helge Malvik som var vertskap i regi av SuSu-programmet som er samarbeidsorgan for næringsutvikling og som arbeider for eit felles mål å få til ein døgopen region på Nordmøre.

Kjellen_KnutHaugen_0173

Her får Knut Haugen «billett» med humoristen Kjellen Bigset. Foto: Jon Olav Ørsal

Rundt 100 inviterte gjestar gikk ombord i ferja Åfjord på Rykkjem, for deretter å sette kursen innover Todalsfjorden. På turen var Kjellen Bigset humorist og programleiar og sørga for at programinnslaga var skikkeleg annonsert og at foredragshaldarane helt tida.

Rolf_Losnegård_0183

Rolf Losnegård var forkjempar for Dalsfjordbrua. No er brua realisert. Foto: Jon Olav Ørsal

Først ute var Rolf Losnegård som er bruforkjempar frå Sunnfjord. Han fortalte om erfaringane frå planfasen for Dalsfjordbrua og hadde mange gode råd til forsamlinga om korleis ein kan påvirke planprossessar og erfaringane med auka aktivitet etter brua kom på plass. Trafikken over fjorden auka frå gjennomsnittleg 48 bilar pr dag med ferja til 650 bilar pr dag over brua.

SveinErikJacobsen_0200

Svein Erik Jacobsen i dialog med Kjellen Bigset. Foto: Jon Olav Ørsal

Nestemann ut var Svein Erik Jacobsen frå firmaet Aase-Jacobsen. Han presenterte aktuelle bruløysingar som kan være aktuelle over Todalsfjorden ved Svinvika, og snakka om den teknologiske utviklinga som har vore og kva kriteriar som er avgjerande for valg av brutype for det enkelt prosjekt. Frå Svinvika til Rakanesset er det ca 650 meter og ca 100 meter djupt. Her vil det nok være aktuellt å finne ei løysing som kan spare både Svinviks arboret og Svinvikgarden i størst muleg utstrekning.

KristinSørheim_0212

Kristin Sørheim presenterte tal for todalsfjordprosjektet. foto: Jon Olav Ørsal

Kristin Sørheim, som er leiar i samferdselutvalet i fylket, understreka kor viktig det er med døgnope samband for å knyte Nordmøre saman i ein region. Ho understreka og at Todalsfjordprosjektet ligg fast som nr 2 på planane, etter Nordøyvegen, men at ein manglar 1.86 mrd på fullfinansiering av prosjektet. Det er da teke hensyn til ferjeutløysingsmidlar som dekkjer ein del. Viktig i denne samanhengen er at ein får Stortinget med på 40 års bomfinansiering.

Bergsvein Brøske i Todalsfjordprosjektet AS, presenterte om «Fullføring av ferjefritt samband over Todalsfjorden». Han fortalte at av trafikken over Todalfjorden går 85% innover til Sunndalsøra og Molde, medan 15% går utover til Tingvoll og Kristiansund. Han fortalte også at planområdet for fjordkryssing er utvida på begge sider av fjorden, og på nordsida er området frå Bleikhammaren og innover til Markusssteinen no med i planområdet. Han satsa på at plana skal være klar til politisk handsaming innan jula 2017 og kan da i beste fall gi byggestart rundt 2020.

Bergsveinbrøske_TFP_0216

Bergsvein Brøske tala varmt for Todalsfjordprosjektet. Foto: Jon Olav Ørsal

Før ein fortsette var det tid for matservering, og på menyen denne dagen stod det kortreist mat i mange variasjonar frå  lokale nettverk – «alt tilberedt med kjærlig og omtanke fra Timian og Persille Catering AS». – Og dei fekk mange rosande ord for trakteringa.

Etter pausen fortsette Per Helga Malvik og Karin Halle med ei orientering om SuSu-samarbeidet og det lokale næringslivet i dei to kommunane som har vore vellukka. dei viser til ei god utvikling i området og at prosjektet har støtta 26 prosjekt i perioden 2013-2014 og at det er sysselsett 88 fleire etterpå – 60 av desse er nye arbeidsplassar.  – Vi treng brua no, var dei enige om. Litt gruppearbeid var det og tid til – og ein kan vel konkludere med at næringslivet er samstemt om at eit tverrfjordleg samband vil tjene regionen godt.

PHMalvik_KHalle_0296

Per Helge Malvik og Karin Halle orienterte om SuSu-samarbeidet og har gode erfarinar med næringssamarbeidet mellom Sunndal og Surnadal kommune. Foto: Jon Olav Ørsal

På tampen var det fleire som hadde ordet. – No handlar det om å være dyktig, og å kjøre prossessane rett sa Svein Atle Roset som understreka kor viktig det er å få med ungdommen i den vidare prosessen. -For vi treng ein større bu- og arbeidsmarknad for å behalde ungdommen i distriktet. Iver Nordset sa at det er viktig å ta prosjektet vidare no, alt for mange prosjekt har lett for å stoppe opp på dette stadiet. Frank Sve hadde også innlegg, og han trur at dette prosjektet kan kome raskt, berre ein har evne til å ta i bruk kreative løysinger med tanke på finansieringa.  – «No veit vi kva vi vil og kva vi skal og ta her blir», sa Sunndalsordørar Ståle Refsti, da han runda av konferansen og fjordcruiset.

Bildeglimt frå fjordcruiset på Todalsfjorden med BF Åfjord.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

 

 

 

Publisert: 30. mai 2016, 19:23