Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Både triveleg og skummel halloweenfest

Dordi Jorunn Halle Sundag 8. november 2015

Søndag var det halloweenfest i Gammeslskulen. Skumle beinrangel, nifse hekser, spøkjelse, tøffe karar og andre fine og skumle typar møttest til dyst. Bra arrangementet gjekk føre seg medan det var lyst! Men sjølv om det var mange skumle, nifse og tøffe typar som kunne skreme vitet av ein og kvar, så viste det seg etter […]

Les heile saka

Hjortfest – sett av 28. november!

Jon Olav Ørsal Sundag 8. november 2015

Laurdag 28. november blir det ny hjortfest, melder Halle & Husby jaktlag som er årets vertskap. Det er Lars Stensby som er jaktlaget leiar, og han lover ei tradisjonell hjortfest og håpar at sambygdingane sett av kvelden for å treffast i hyggeleg lag på tampen av jaktsesongen. Vertskapet byr på god mat og drikke, og sjølvsag vil det bli varierte underhaldningsinnslag i løpet av kvelden.

Les heile saka

Gubbetrimmen: Sesongens siste utetrening

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. november 2015

Søndag kl 14 blir siste utetrening for gubbetrimmen.  Det skjer på Bordholmen, og vi håper på bra oppmøte – kom og bli med oppfordrar Ivar Helge Kvendset i Todalen I.L. som er arrangør.


Raus 2015 på Herr Nilsen Bar

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. november 2015

Raus 2015 er eit prosjekt i kjølvatnet etter låtskrivarseminaret på Todalshytta i månadsskiftet mai/juni. Dette vart runda av med felles konsert på Gammelfabrikken, der mellom 150 og 200 kom for å høre. Med sterke kort som Asle Beck, Terje Nordgarden, Amund Maarud, Claudia Scott, Jeff Wasserman, Johanna Demker og Alf Bretteville vart dette ein stor suksess. Torsdag kveld var den same gjengen på scena med Raus-konsert på «Herr Nilsen Bar» i Oslo. Kristen Bruset var der saman med eit 100-tals andre, og har sendt oss bilder frå happeningen.

Les heile saka

Halloweenfest i Skulstuå

Elinor Bolme Fredag 6. november 2015

På søndag inviteres alle barn i Todalen til Halloweenparty i Skulstua. Arrangør er Justina på Bjørli saman med Line i Myrmo. Her er det frivillig om ein øsker å kle seg ut eller ikkje.

Les heile saka

Svarrabærje er klare for nye sprell på scena

Jon Olav Ørsal Fredag 6. november 2015

Neste uke er Svarrabærje Teaterlag sceneklare med sin revy «Fær å sæi de slik», og billettsalget er allerde godt i gang. I skrivende stund er det ennå billetter att både til premieren onsdag 11. november og til de 3 andre forestillingene på torsdag, fredag og lørsdag kveld. Erfaringsvis går billettene fort unna når premieren nærmer seg, og det kan lønne seg å være litt kjapp for å få en god plassering.

Les heile saka

Søndagsturen til Rindal

Elinor Bolme Fredag 6. november 2015

Vekas søndagstur går til gapahuken ved Gråurtjønna (600 moh.) fra parkeringsplass i Fossdalen i Rindal. Dette er ein tur på ca. 3,7 km. med gangtid på 1.15 t. – 1.45 t. Merka sti langs veg i første del, deretter slakt oppover i forholdsvis tørt terreng.

Les heile saka

No e sola komma…

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. november 2015

Endeleg er den nye solsenga på plass i solsengrommet på Hett & Svett. Den gamle solsenga sa nemleg takk for seg tidlegare i år og Todalen idrettslag har vore i marknaden for å skaffe ei ny eller kanskje vi heller skal seie ei nyare solseng. No er ho på plass, og elektrikaren har sørg for oppdatering av installasjonen i solsengrommet – så no er det berre å stille seg i kø.

Les heile saka

Full fres for dei minste

Elinor Bolme Tysdag 3. november 2015

Etter 60 minutt med full fres skulle ein tru at det var greit og avslutte kveldens barneleik i gymsalen på skulen. Men det var det som vanleg ikkje stemning for. Dei oppmøtte ungane leika seg med ulike aktiviteter i eigen regi. Særleg attraktiv var nok den nyinnkjøpte trampetten som Todalen Idrettslag hadde kjøpt til skulen. Idrettslaget hadde også kjøpt inn nye solide småmål som takk for lånet av gymsalen.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for oktober

Ole Petter Talgø Tysdag 3. november 2015

Ny månad og ny avstemning, det er klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for oktober. Sjølv om dagene blir kortare og dagslyset forsvinn før middagen har satt seg, håpar vi dykk fortsatt sender inn bilete til oss. Send inn bilete til oss på red@todalen.no.

Les heile saka

Basar i Myrvang

Elinor Bolme Måndag 2. november 2015

Økonomigruppa i IL Søya arrangerer årets store basar med inntekt til alle gruppene i idrettslaget i Myrvang søndag 8. november kl 17.30. Her blir det som tidlegare år også utdelt deltakardiplom til alle spelarar i aldersbestemte klassar frå knøttar, til og med G/J12.

Les heile saka

Start 4H – feira sesongslutt med haustfest

Jon Olav Ørsal Måndag 2. november 2015

Start 4H feira søndag kveld sesongslutten med haustfest i Todalen oppvekstsenter. Haustfesta er tid for oppsummering og for vise fram kva medlemane har jobba med det siste året, og publikum var søsken, foreldre, besteforeldre og mange andre interesserte som kom for å sjå og høre.

Les heile saka