Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Janúar Viðar leiðsögumaðurinn þinn á Íslandi

Jon Olav Ørsal Sundag 3. juli 2016

Ja, det står det at Jan Vidar er turistguide i Island. Han har sia starten på mai jobba i eit selskap i Island og driv med guiding av turistar på breturar i Vatnajökul nasjonalpark. Det er ein drømmejobb, seier Jan Vidar Øyen, som no er heime ein snartur før han veder til bake til Island, og blir der til oktober.

Godt med eit bad etter jobben.  foto: Privat

Jan Vidar har utdanna seg til akkurat slike jobbar, med 2 år i Volda med studier i friluftsliv og eit år i Canada med vidareutdanning i fjellsport og guiding. Dermed har han bakgrunn for å ta med både erfarne og uerfarne folk på tur og skal gje dei ei oppleving og gode turminne. Turistane kjem for det meste frå Europa, men det er få frå Noreg. På ein vanleg dag vinn han ein til to turar på 2-4 timar men han har mykje kontakt med turistane for å gje råd og for å planlegge turane saman med dei. Og så må han kjøre dei ut i terrenget – til startpunktet. Det kan være både enkle og litt meir avanserte turar men uansett så må sikkerheita stå i fokus. Vi skal lede turistane slik at det er trygt og lage turar der det er noko å sjå og oppleve.

Guidekart

Kart for planleggjing av ruter med forskjellig vanskelighetsgrad – du må mesta være inside for å forstå dette.

Som sagt høyrer området han jobbar i til Vatnajökull nasjonalpark, men han jobbar også i Svinafelljökull og i Solheimajökull. På spørsmål om han ikkje fryktar vulkanutbrot så gliser han, og benektar at det er moko stor bekymring. -Men han legg til at dei som jobbar med dette er innforstått med at det skjer igjen – ein gong i framtida.

På stasjonen

På stasjonen bur dei tett saman og er mykje i lag. foto: privat

På stasjonen bur han saman med mange andre guidar og må ta del i både matlaging og anna huslege syslar når han har tid, så det meste av tida går med til jobbing når han er ute i felten, fortel han. Det er både sosialt og triveleg – og ei stor oppleving var det når alle guidane i området var samla til EM-fotball da England-Island vart sent på TV. Da var det mykje styr og leven i leiren. Det var artig, seier Jan Vidar.

Sikringsarbeid

Guidane jobbar mykje med å lage sikre ruter, der det er trygt å ta med turistane. Men breen er i bevegelse og ruter må stadig leggjast om. Foto: Jan Vidar Øyen

Rappelering

Eit hol skapt av vatn. Dette var stort nok til at han kunne rappelere ned til bunnen – der han har teke biletet frå. Foto: Jan Vidar Øyen

Når han er på jobb bur han på ein plass som heiter Skogar. Det ligg eit par timar sør-aust for Reykjavik eller i Skaftafell som ligg enda litt lengre aust. Når han har fri reiser han ofte til Reykjavik og bur da hos venner eller så slår han rett og slett opp teltet og overnattar der.

No er han heime eit par veker, men snart sett han seg på flyet til Reykjavik, for å fortsette i drømmejobben ute i den islandske naturen…..

Fullt utstyr

Jan Vidar Øyen har vore ute på breen på arbeid – her er han «fullt utstyrt» for arbeid med tilretteleggjing. foto:privat

Publisert: 3. juli 2016, 21:03