I samband med jula er det litt regulering av opningstidene på Matkroken Todalen. Før jul – tysdag 22. desember er det vanleg opningstid 9 – 18, men onsdag 23. er det langdag frå 9 – 19 og julaftan 24. desember er opningstida 9 – 13. Første juledag er butikken stengt. I romjula er opningstidene litt endra og det finn du oppsett på nedafor. Drivstoff kan du sjølvsagt fylle kvar dag – heile døgnet – med kortautomaten på HalsOil.
Les heile saka
Er du ute etter hyttetomt i Todalen er det lurt å følge med på det som skjer på hyttefronten på nettet. På Facebook-portalen ”Hyttetomter i Todalen” vil du etter kvart finne fleire alternativ, der det blir presentert både hyttefelt som alt er klare for utbygging og felt som er under planlegging….
Les heile saka
Det kan i alle fall ungane både ved både Todalen og Stangvik oppvekstsenter seie i dag. I går var dei nemleg samla til felles juleavslutning i Todalen. Først møttes dei til felles julegudstjeneste i Todalen kyrkje, før dei alle tok turen til Todalen skule for felles lunsj og litt sosialt samvære før dei for kvar til sitt.
Les heile saka
No er billettane til Todalen IL’s tradisjonsrike romjulsrevy lagt ut for sal på Matkroken. Årets julerevy går av stabelen 3. juledag – 27. desember – og er i år kalla for «Rikets tilstand» og ber sitt namn med rette, fortel revygjengen som vi trefte i ungdomshuset tysdag kveld og som no er i full gang med øvingane.
Les heile saka
Det er kanskje ei litt uvanleg tid å etterlyse eigar av bærplukkarutstyr, men saka er iallfall at Marit Sanden Søyset var i Øyalia for å finne seg juletre her om dagen. Fangsten vart både juletre – og ei attgløymt bærplukkar……
Les heile saka
Todalen sanitetsforening fikk ei raus gåve på 10.000 kroner med Svorka, og dei trong ikkje spekulere lenge på kva dei skulle bruke pengane til. Omtrent samtidig kom det beskjed om at tronge kommunale budsjett gjorde at svangerskapskurs som skulle starte 6. januar var avlyst. Dermed var det klart kva pengane skulle brukast til – nemleg svangerskapskurs! Todalen sanitetsforening fikk med seg Gjensidige Surnadal og dei spanderer 10.000 kroner kvar og dermed blir det svangerskapskurs som tidlegare planlagt den 6. januar – til stor glede for dei gravide i kommunen.
Les heile saka
Todalskoret og Åsskard kyrkjekor hadde til årets julekonsert fått med seg orkester, både strykarar og blåsarar – og Tor strand på orgel og piano. Kora var forsterka med Sigrid V. Bøe og Astrid Hyldbakk, og med dirigent Bernt Bøe på toppen så måtte det bli bra.
Les heile saka
I dag skriv vi 20. desember, og det er berre to dagar til sola «snur» – 22. desember kl 5.49 er offisielt tidpunkt for Molde og det er vel nøyaktig nok til at vi kan henge oss på. Og det skal jammen bli godt når det igjen går mot lysare dagar! Jon Bruset har sidan 1990 målt maksimum- og minimumstemperatur heime på Småhjellan. I år har han på blokka 5 dagar med maksimumstemperatur på over 10 varmegrader, men det er kanskje ikkje så unormalt….?
Les heile saka
Årets siste blogg kommer fra Emil Haugen Ansnes som bor i Porsgrunn.
Redaksjonen takker for alle som har levert oss sin historie iløpet av 2015.
Les heile saka
Tormod Rachløw frå Surnadal stakk innom Matkroken med den nye CD frå Tormod & Co, som er til sals der. Det er ei samling med gamle slagere og det er gjerne melodia som passar for «godt vaksne» som han sa. Tormod er gammel spellmannskompis av Jostu.
Les heile saka
Start 4H har tradisjonar for sal av julenek, og laurdag var dei på plass ved Matkroken Todalen for å by fram varene sine . Dei opna «butikken» i 11-tida, og fekk straks kontakt med publikum som var på julehandel. Da vi var innom var det Erik Kårvatn og Sindre Bruset som dreiv julenekhandelen, og dei hadde kledd seg godt for å være ute uten å fryse.
Les heile saka
Aldri har det vel vore så mange julehefte i handelen, men Vangsgutane held koken og kan framleis vise til bra salstal. – Det er faktisk ingen som truar Pondus skal vi tru meldinga på NRK Text-TV, men hakk i hel med Pondus kjem 91 Stomperud, tett følgt av nykomaren Julerosa. På dei neste plassane kjem Knott og tott og så Vangsgutane på 5.-plassen.
Les heile saka