I samband med Friluftslivets år 2015 gjekk kommunane Rindal, Surnadal og Halsa saman om å arrangere søndagsturar. Prosjeketet fekk tittelen «52/17Søndagsturen» – altså 17 søndagsturar i kvar kommune i løpet av året. Målet var å ta tilbake tradisjonen med søndagstur, få folk i alle aldrar ut på tur, ikkje minst barnefamiliar. Som ei «gulrot» for […]
Les heile saka
For nokre – som pensjonistar og dei som arbeider i turnus – passar det best å gå på kino på dagen. Difor vil Surnadal kino vise fleire «dagfilmar» dei komande vekene. Og det er ikkje noko samanraska amerikansk B-film som blir servert. Nei, her blir det «Godt norsk» (og eit svensk innslag) gjennom dei neste fire vekene
Les heile saka
Med snøen kom skiaktivitetane i gang. Komande laurdag, 23. januar, inviterer Surnadal I.L. langrenn til sonerenn på Nordmarka. Rennet går i fristil og distansen blir 1 km for 0 – 10 år og 2 km for 11 -100 år. 2 km løypa blir identisk med løypa som skal gås under Midt Norsk Mesterskap, melder arrangøren. Rennstart kl 12.00
Les heile saka
I løpet av ei veke er det godt med besøk på Hett og Svett. Mondagskveldane er det garantert å treffe folk der, for då er ein gjeng velvaksne karar oppmøtt for å få fart på blodpumpa, og ha det litt artigt i lag. Terje Nordvik er primus motor, og har naturleg vis ikkje skofta ein einaste gong!
Les heile saka
Lysløypa på Tjønnmyran er klar til bruk, melder Ståle Ansnes i driftsstyret for anlegg i Todalen idrettslag. I ettermiddag er traseen køyrt opp, så no er det berre å spenne på skiene og sette igang. Det er enkelte plassar litt lite snø, men etter kvart som vi får meir «påfyll» det komande døgnet så vi det bli fine forhold, seier Ansnes.
Les heile saka
Det er nok mange som har venta på snø og skiføre. I går kveld og i natt kom det første snøfallet i det nye året. 15-20 cm nysnø kan vi skilte med, og meir er i vente utover ettermiddagen og kanskje mest til kvelden og natta etter vêrmelding på yr.no.
Les heile saka
Det var stor stas da Talgø/MøreTre fredag kveld vart kåra til årets leverandør hos Optimera/Montèr-kjeden som denne helga har byggvaremesse på Gardermoen. Det var salssjef Bjørn Hauglann og marketingsjef Heid Snekvik som tok i mot den prestisjetunge prisen på ei tilstelling på gardermoen fredag kveld.
Les heile saka
Todalen historielag inviterer til den tradisjonelle og populære ettermiddagskaffen søndag 24. januar. Det skjer i Todalen ungdomshus frå kl 14.00 og utover dagen. Tema for ettermiddagskaffen denne gongen er «Du skal ikkje tru alt du ser!», og det er Einar Oterholm frå Halsa, som kjem til ungdomshuset med sitt kåseri denne ettermiddagen.
Les heile saka
Då er tida kome for å stemma fram det beste bilete for 2015. No er det straks seks år siden vi starta med å stemma fram månadens bilete, og seks og eit halvt år siden vi byrja å leggja ut bilete vi får inn dagleg. Det betyr at vi no har eit arkiv på meir enn 2300 bilete.
Les heile saka
Todalen sokneråde har programmet klart for vinteren og våren 2016. Det startar med høgmesse i Todalen kyrkje søndag 24. januar, men høgdepunkta i programmet er nok friluftsgudstenesta på Haugligardane 2. påskedag og konfirmasjonsgudstenesta på frigjeringsdagen 8. mai. Heile programmet kan du laste ned som PDF-dokument her.
Les heile saka
Torsdag var det aktivitetsdag for elevane ved Todalen oppvekstsenter på Bordholmen. Gradstokken viste minus ti grader, men heldigvis var det vindstille. Det vart nok kaldt for både tær og fingrar, men det såg ikkje ut til å legge nokon dempar på aktiviteten. Klubbhuset var ope slik at deg gjekk an å gå inn for å […]
Les heile saka
Under Surnadal Sparebanks Næringslivsdag i dag, vart Lars Løseth tildelt bankens Utviklingspris. Med det mottok han ein sjekk på 25.000, penger han straks ga viare til fotballen i Surnadal og til Todalen Sanitetsforening, skriv Trollheimsporten på nettsida si no.
Leiar i Todalen Sanitetsforening, Maren Ansnes blir stille i telefonen når ho får beskjeden.
Les heile saka