Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vi skal være der når du treng oss …

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. mai 2016

For eit og eit halvt år sia laga vi ei sak om Anna Britt og Palmer Vikan som slutta i faste jobbar og tok over drifta av Surnadal og Rindal Begravelsesbyrå.  No har dei vorte ”varme i trøya” og vi kom på at vi skulle invitere oss heim på ti-kaffe for å høre kor det gikk.

Måndag føremiddag troppa vi opp heime hos Anna Britt og Palmer på Nordvik, der dei både bur og har kontor.  Når ein driv gravferdsbyrå blir det også ein del kontorarbeid, for det er mykje som skal ordnast i samband med ei gravferd, fortel Anna Britt.  Nytt i samband med dette arbeidet er at firmaet no har fått si eiga nettside. Og Palmer skyt inn at folk i dag er vant til å finne informasjon om alt muleg på nettet, og difor har vi laga ei nettside som kan være til hjelp for kundane.

Han fortel vidare at det er slett ikkje alle som veit korleis dei skal gripe seg an når dei får eit dødsfall i familien, og da kan de være godt å finne litt informasjon om korleis dette kan skje. Vi har slett ikkje laga noko prangande nettside, men vi har gjort vårt beste for å gjera slik lett tilgjengeleg og slik at det er lett å forstå. Her finn du også informasjon om oss sjølve og sjølvsagt vakttelefonen.

Alltid på vakt
Anna Britt og Palmer legg stor vekt på at du alltid skal få svar når du ringer vakttelefonen.  – Vi skal være der når du treng oss, seier Anna Britt, og seier vidare at denne jobben vart litt annleis enn dei trudde da dei starta opp i oktober 2014.  – Vi er faktisk på vakt 24/7, skyt Palmer inn, men likevel har vi eigentleg ein god del fritid. Den har vi etter kvart lært oss å utnytte godt. – Dette yrket er på ein måte ein livsstil, som vi etter kvart har tilpassa oss godt, seier dei to til slutt.

Her finn du ein link til den nye nettsida: www.srbegravelse.no

nettside_SR

Slik ser framsida på heimesida ut. (skjermdump frå internett)

Først publisert: 24. mai 2016, 05:00 - Sist oppdatert: 25. mai 2016, 10:28