Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På vårtur til Neådalssnota

Jon Olav Ørsal Måndag 23. mai 2016

Nils Ove Bruset har sendt oss bilder frå frå topptur til neådalssnota sist laurdag. I ein e-post til redaksjonen skriv han at det var tungt og seigt føre og følget bruka mykje lengre tid enn vanleg på turen.  Om turen skriv Nils Ove:  «Laurdag gjekk turen til Neådalsnota. Det er ein tur som vanlegvis tek 7-8 timar. På denne turen bruka vi ca 12 timer, for det var så seigt føre. Vi gjekk på beina forbi Dalasetra, og kunne ikkje ta på oss skiene før midt mellom Dalasetra og brua over Tveråa. Vi gjekk mellom barflekkar heilt oppi Naustådalen.

På tur opp Naustådalsfalla gjekk vi oss på elgfar. Han hadde gått til buns i den lause snøen. Det må ha vore eit stort dyr, for skrittlenga var på ca 1,5 meter. Vi fulgte fara innom Nødbua, der han hadde kome over frå Fagerlidalen.

P1020705 (640x480)

Oppi naustådalsfalla, med utsikt utover Naustådalen

Brua inni Naustådalsfalla såg litt redusert ut, så vi bestemte oss for å gå over ei snøbru lenger nede.  Vi håpa det skulle bli fastere snø etter kvart innover dalen, men vi måtte heilt til Snotvatnet før det vart hald i snøen. Derifra og opp til toppen av Snota var det eit greitt skiføre. Frå toppen var det ein fabelaktig utsikt utover hele Trollheimen.

Nedkjøringa frå toppen var som ein drøm. Vi forventa eit sugende føre ut dalen heimover, men det var overaskande bra glid. Når ein går på lange skiturar om våren, blir det som å gå gjennom fleire årstider. Du har vinter i høgfjellet og går mot vår og sommar, med fuglesong og fullauva skog, heimover.»

Nedafor finn du eit flott bildegalleri frå turen – Foto: Olaug, Jorunn og Nils Ove

 

Publisert: 23. mai 2016, 09:20