Det var i dag hektisk aktivitet i Sanietshuset der nokre damer i Todalen Sanitetsforening rigga i stand til basar. For med ei overflod av gevinstar tek slike ting litt tid. Men med lang fartstid, sirlege handskrevne gåvelister og god planlegging blir nok damene klare til årets sanitetsbasar i morgon. Som tidlegare vil det bli eige barnebord og dagens bord som det kun blir solgt lodd på under baseren.
Les heile sakaFull trøkk med sal – og fortsett på søndag
Det var jamn trafikk oppover Dalavegan i samband med salet på Kårvatn Fjellustyr. Dei fleste var nok utgått på handel, men det var også mange som kombinerte og nytta det fine haustvêret til å ta seg ein tur til Nauståfossen eller oppover lia til Naustådalen. På «låven» hos Kårvatn fjellutstyr var det i allfall mange kundar som var ute etter ein go’handel på klær eller skiutstyr, som fortsett både søndag og heile neste veke.
Les heile sakaRundtur på Røsmoen og besøk i bunkeren
Torsdag 1. oktober besøkte stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag bunkerane ved Røsmoen på Skei. Vi startar ved Coop Extra på Skei og går eit stykke i retning det gamle Svorka-bygget før vi svingar ned mot Røsmoen, forbi Stykket, heimplassen til Hans Hyldbakk, og dreier opp mot bunkerane.
Les heile sakaNytt frå Surnadal og Rindal Revmatikerforening
Surnadal og Rindal revmatikerforening melder om at bassengtreninga i Surnadal symjehall utgår i uke 41, ettersom symjehallen held stengt i haustferien. Frå og med uke 42 er det igjen klart for oppvarma basseng med 34 grader i vatnet og med instruktør Joanna Magdalena Hyllbakk mellom 19.30- 21. Foreninga ønsker også å orientere om den planlagte turen […]
Les heile sakaSesongstatus med både nedtur og opptur
Som ei oppsummering på sesongen som er ferdig må eg tilstå at eg er litt misfornøgd med sommarvêret vi har hatt i år – spesielt når vi samanliknar med sommaren som var i fjor. Det har medført at vi har stor nedgang i talet på fotturistar og drop-in-gjestar, men lyspunkta har vært laksefiskarane og konsertane.
Les heile saka12 nye vegnamn i Todalen -oppdatert
Mange husstandar i Todalen har dei siste dagane fått brev frå Surnadal kommune vedrørande nye vegnamn. No har redaksjonen også fått tilsett ei komplett liste over dei. I følge oppsettet er det no berre Lauvåskogen, Dalavegen, Sissigrenda og nokre hytter som manglar adresse i Todalen, etter den 22. oktober.
Les heile saka52-17 søndagsturen -på leiting etter Midgardsormen ved Ormebolet
Søndagens tur går til Leirplassen, som Halsa 4H har opparbeidet seg ved Megårdsvatnet. En flott friluftsplass for alle aldersgrupper. Her ligger “Ormebolet” som er en ny grillhytte, som 4H har satt opp på dugnad. Fra Felleskjøpet og opp til Megårdsvatnet er det en barnevennlig tur på grusveg.
Les heile sakaHaustsal – ryddar plass til ny vintersesong
Hos Laila og gjengen på Kårvatn Fjellutstyr er sommaren definitivt slutt – no ryddar dei bytikken og lagar eit skikkeleg haustsal. Sjølv om det enno kan bli mange fine haustdagar så ordnar dei seg på ein ny vintersesong. Laurdag og søndag startar haustsalet og det varer heile neste veke fram til laurdag 10. oktober, og Laila reknar med at det blir mykje folk – for ho har mykje fine varer å by på – og gir opptil 80% avslag på enkelte varer!
Les heile sakaBasarting
Todalen Sanitetsforenig arrangerer som tidlegare nemn basar førstkommande søndag. I den anledning blir det klargjering i sanitetshuset på laurdag melder styret i saniteten. Er det nokon som ønsker å bidra med basargevinstar kan dei leverast i Sanitetshuset mellom 14 og 16.
Milleniumsbarna- talenter i fleng!
I kveld hadde elevane i 10. trinn ved Surnadal ungdomsskule sin premiere på sitt storprosjekt «Milleniumsbarna». Dette er ei tradisjonell oppsetning av og med avgangsklassen ved ungdomsskulen. Eit prosjekt der ungdommane allerede på etterjulsvinteren startar med forberedelser til desse tre hektiske kveldane med forestillingar.
Les heile sakaVill og vakker
Hausten er sanketid, og frå Finn Ranes har vi fått ei lita sak om villsauene på Gjeldnes, som ennå har tid att på fjellbeite før dei lyt heimatt. Han og Per Åke Jakobsson trossa søndagens gråver og sender også med nokre bilder til oss.
Les heile sakaLesarinnlegg
Frå tid til annan mottek redaksjonen lesarinnlegg frå lesarar som ønskjer sine ytringar på trykk. Til no har vi berre publisert desse om dei har vore av direkte interesse for todalingane og som medlemar her på Todalen.no, til dømes under valkampen. No kjem etterspela av budsjettforhandlingane i Surnadal kommune, og fleire av dei førespegla nedskjeringar skapar engasjement. Vi er dermed opne for alle innlegg, innafor allmenn folkeskikk, og minner om at vi berre er formidlarar. Alle lesarinnlegg må skrivast under fullt namn.
Les heile saka