Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fiberbreiband – arbeider seg innover Brusetmarka

Jon Olav Ørsal Fredag 5. august 2016

I sommar har det pågått legging av fiberkabel til Brusetmarka. Det er lagt jordkabel frå Todalshytta og innover i dag er dei komne til Hengebrua før dei tek helg. Det er Rolf petter halle og Joar Inge Gjeldnes som jobbar for Svorka aksess og det legges no rør innover, der det etterkvart skal skytast fiberkabel innover etterpå.

Arbeidet har gått i rykk og napp, og dei to var usikre på når dei kunne være ferdig, men rekan med å kome eit godt stykke innover i løpet av neste veke. I Brusetmarka er det dårlege tilhøve for radiobreiband, da det er ein refleks frå Romålia som i dag forsyner mange i grenda med breiband.

Publisert: 5. august 2016, 16:00