Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Husmorskulen – i eit historisk perspektiv

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. august 2016

Husmorskulen på Halsa er det nok mange som dreg kjensel på. Gjennom ei årrekkje er det nok mange frå Todalen og andre plassar på «indre» som har gått der, og har mange minner frå den tida.  Einar Oterholm er i gang med bok om historia til husmorskulen, og søndag 7. august inviteres det til Søndagskafé i Løvik grendahus i Skålvikfjorden, der Oterholm vil presentere «historia til «Nordmøre Husmorskule».

Programmet startar kl 15.00 og arrangøren byr på kaffe med tilbehør og så er det utlodding.  Gratis inngang!

Er du i tvil om kvar du skal finne Løvik grendahus, så skal vi forklare det.  Du kjører til Halsanaustan og svingar av oppover mot Husmorskulen og vidare utover mot Skålvikfjorden til du kjem til grendehuset som ligg mesta utmed Korsnesset.

Plakat 070816

 

Publisert: 4. august 2016, 11:00