Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kveksen fekk svi….

Elinor Bolme Laurdag 6. august 2016

Rydding i kratt og grøftekantar kan av og til føre til at ein tergar på seg naboar, eller andre som hevdar rett på eigedomen. I Bekkerhagen skjedde så før helga, då to stykk vart angripne av ein gjeng meget irriterte jordkveks. Kveksbolet fekk seg uforvarst ein omgang med riva, og jaggu vart det fart i både folk og kveks…

Sidan bolet låg litt for nære leikeaparatet, vart det hektisk googling på «korleis fjerne jordkveksbol» i nabolaget, før dei lokale skadedyrbekjemparane kom og gjorde ein ende på elendigheita.

image

Unggutane tykte påkledninga til skadebekjemparane var eit syn…

image

Klar arbeidsfordeling. Ein førebur utstyret, mens den andre er klar til å ta over..

image

Filla blir dynka rikeleg i disel, for no skal kveksen røykast ut. Eller inn, alt etter korleis ein ser det..

image

Filla blir styrt mod det dei har funne ut er åpninga.

 

image

Og publikum bak har orkesterplass, og satsar på at dei er trygge for fleire sinte jordkveks.

 

image

Til slutt blir kveksbolet forsegla, slik at dei inne i alle fall ikkje kjem seg ut.

Karane i skadedytrpatrulja lika ikkje publisiteten, og vi har derfor forsøkt å anonymisere dei….

Publisert: 6. august 2016, 11:14