Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein thriller av ein fotballkamp

Elinor Bolme Torsdag 4. august 2016

Gutane på G13 fikk ein forrykande start på sin 1/16 delsfinale mot Lillestrøm no i dag. 1-0 nesten rett etter avspark av Lang Valset, og Ola Valset fortsatte med 2-0 like etter. Lillestrøm mista ikkje piffen for det, og utligna med to kjappe mål rett etterpå, før Ola Valset drog til med 3-2, og deretter 4-2 til pause.

Trenar Zakki med dagens tale før kampstart. Og den må ha virka!!

I andre omgang fortsatte KUST gutane dominansen og 5-2 umiddelbart av Lasse Vaseng Hansen. LSK kom til slutt med ei redusering til 5-3 og dei er derimot ute av Norway Cup, knust av eit godt nordmørslag. KUST derimot spelar sin neste kamp klokka 17.10 på Ekeberg. Dermed blir det 1/8 finale på våre gutar og nok ein fantastisk spennande kamp å følgje med for oss heime! Motstandar blir Vestre Akers SK.

Vi har fått tilsendt nokre bilder av Knut Bergli og Einar Talgø. Reknar med fleire bilder også frå neste kamp!

image-2

Takk for kampen!

IMG_1271

Godt med lokale publikummarar.

IMG_1270

Jubel i spelargruppa!

IMG_1269

Kan forøvrig nevne at G16 laget til Surnadal også har vunne over Lillestrøm i dag, og er klare for ny kamp i ettermiddag.

 

 

Publisert: 4. august 2016, 13:17