I dag var det full fres i Todalen ungdomshus under Idrettslagets juletrefestarrangement. Juletrefest i romjula har dei siste åra vore fråværande i Todalen, men etter oppmøtet å sjå til, kan dette vera eit arrangement som kanskje kan vidareførast i framtida. Mange småbarnsfamiliar var samla til gang rundt juletreet og ikkje minst ein god prat over ein enkel kopp kaffe.
Les heile saka
Folk har velta inn i kulturhuset på Skei for å sjå «Herfra til Flåklypa» i jula, og det har ikkje vore billettar å oppdrive på fleire av framsyningane. Surnadal kino vil vise filmen både laurdag, søndag og i neste veke. Men det ser ut til at ekstra mange vil sjå filmen no i romjula. Det er difor sett opp ei ekstraforestilling i morgon, onsdag, kl. 1200, melder Steinar Hasselø ved Surnadal kulturhus.
Les heile saka
Sjølv om det såg idyllisk ut på Kvanne så var det nok atskillig kraftigare vind på Rykkjem – og problem med å legge til kai der. Sterk vind førte til at Solnør brukte lengre tid på å legge til kai og kom dermed ut av rute. Vi tok ein tur til Kvanne i 14.30-tida og da kom ferja frå Rykkjem med bilar, men var rundt 10 minutt ute av ruta. Fjord1 melder i kveld at sambandet er ute av drift resten av kvelden!
Les heile saka
Fjord 1 melder klokka 13.11 at fergesambandet Kvanne-Rykkjem er innstilt inntil vidare grunna dårleg vêr. Om redaksjonen ikkje fangar opp ny oppdatering, kan du sjølv finna den her på Fjord 1 si heimeside
Les heile saka
Publikum sette stor pris på julerevyen ”Rikets tilstand” i Todalen ungdomshus 3. juledag. Ei god blanding av rekruttar og veteranar på scena, og eit ungdommeleg publikum vart ein fin miks som ga ”stinn brakke” gjennom halvannan time med artig underhaldning frå scena.
Les heile saka
Også i år fekk trimgruppa i Todalen IL fullklaff med sin årlege romjulsmarsj. Med ein gradestokk som viste i underkant av 10 minus og topp sparkføre var det nesten 180 personar som tok den tradisjonelle turen rundt bygda. I Sandstadkrysset og på Bruset var det som vanleg drikkestasjonar der deltakarane fekk kakao eller gløgg i koppane. Her var det også quiz, med allsidige spørsmål som det var bortimot umuleg å svare på.
Les heile saka
Det vart stor aktivitet og ein travel gjen vi trefte i Ungdomshuset i ettermiddag. Øvingane til julerevyen «Rikets tilstand», som går 3. juledag, er komen i sluttfasen, og det er stort sett finpuss som står att no. Vi tjuvkika litt på scenekanten medan øvingane pågikk, og det lover bra. Vi kan garantere mykje lun humor og artige innslag frå scena. Billettsalet ser også bra ut, men det er enno ledige billettar å få kjøpt på Matkroken Todalen.
Les heile saka
På Pakkhuset Kro er det open krokveld med quiz 2. juledag. Quizkonkurransen startar kl 20.00. Ta turen til Todalsøra på Pakkhuset Kro, og treff naboen, – eller nokon som du kanskje ikkje har treft på ei stund!
Julesnøen kom litt seint, men godt. Natt til 2. juledag er julesnøen komen på plass, med rundt 10 cm tørr og fin snø som lyser opp i landskapet. men ny tyder vêrmeldinga på at vi har fått det vi skal ha av snøvêr i første omgang og det blir fint vintervêr og sørleg vindretning utover neste veke. Først eit par dagar med kuldegrader og så blir det mildare med varmegrader frå tysdag (5. juledag). Blir det slik som yr.no viser så blir det ypperlege forhold til romjulsmarsjen 3. juledag.
Les heile saka
Årets siste søndagstur går til Halsa og til den nye kulTUR-løypa på Liabøen i Halsa Turen startar ved parkeringsplassen på Liatun. Her blir det tennt fakklar og ein går deretter ned om Rasteplassen og opp til Butikksenteret, rundt om det gamle kommunale lageret nedom banken. Deretter går turen opp til Øvrevikstatuen, opp til det gamle sommerfjøset og saga som hører til Negarden, og ned til Villa Viungen.
Les heile saka
I desse juletrefesttider kan vi melde om at Nordvik Grendalag arrangerer sin juletrefest i Nordvik Grendahus i morgon 2. dag jul klokka 14.
Les heile saka
Juletrefest på andre juledag er ein tradisjon som har vore i fleire generasjonar. I år skjer det igjen på Eidet bedehus . Anna Sæther vil halde andakt og vi får høyre og sjå program som barna står for. Sjølvsagt blir det juletregang med song og fin musikk, matservering og utlodding. Alle er hjarteleg velkomne! Vertskap er Eidet bedehus og Søndagsskolen.
Les heile saka