Todalen Sanitetsforening har dei siste 4-5 åra hatt eitt kunstverk til utloddning gjennom heile året. 2016 er intet unntak, og i år har sanitetsforeninga FÅTT dukka Tora med stor heimestrikka garderobe av Liv Jorun Bævre Moe. Dukka er i størrelse 40 cm, og Liv Jorun har strikka ei heil garderobe, samt stol og koffert til oppbevaring som medfølgjer.
Les heile sakaStem på månadens bilete for desember
Då er vi klare for å finne siste vinnar av månadens bilete for 2015, og siste kandidat til årets bilete. No som jula er over og det går mot lysare tider igjen, håpar vi dykk fortsatt sender inn bilete til oss.
Les heile sakaÅrsbeste på gradstokken i komande døgn?
I skrivande stund er det 13,9 kuldegrader ute, og det ligg nok godt tilrette for at det kan bli enda kaldare i løpet av natta. Yr.no melder 10 kuldegrader for Todalen, både i natt og utover laurdagen. Så skal det bli litt mildare utover søndagen, men det er faktisk meld kaldvêr heile den komande 10-dagersperioden. Kl 20 i kveld var det -14,7 på gradstokken oppå Storfossen, medan det i Innerdalen er -16,6 grader – og det er sikkert andre plassar det er betydeleg kaldare i distriktet vårt?
Les heile saka500 000 i grasrotandel
No er tida for utbetaling av siste del av grasrotandelen frå 2015. Dei 48 registrerte mottakarane i Frivilligheitsregisteret tilhørande Surnadal kommune hentar heim 500 360 kroner til saman. Dette fordelt på 1247 ulike spelarar. I Todalen er det to mottakarar, som begge gjer det godt; Todalen Idrettslag med overkant av 26 ooo kroner, og Todalen Sanitetsforening med vel 10 000 kroner. Surnadal Idrettslag får naturleg vis mest i kommunen.
Les heile sakaÅrsmøtetid
SURNADAL ARBEIDERPARTI avheld sitt årsmøte 27. januar kl. 18.00 på kantina ved Surnadal sjukeheim.
Les heile sakaGullande reint!
Onsdag kveld var det rundtvask på Hett og svett. Det var trimgruppa som stod for rundtvasken, – alle apparata og mattene vart vaska, likeså tak, vegger og golv. Vindua vart fint pussa. Dette var arbeid som trongst, men i løpet av kvelden vart det altså gullande reint!
Les heile sakaSjakk igjen søndag kveld….
Søndag kveld kl 19.30 startar sjakken på att etter juleferien i Kaffekroken. Sjakkgjengen satsar på annakvar søndagskveld også i det nye året, fortel pressetalsmann Trygve Halle. Han fortel at det er viktig å møte opp komande søndagskveld slik at ein får diskutert om det er interesse for å arrangere turnering utover vinteren og våren.
Les heile sakaOppstart strikkekaffe på laurdag
Todalen Sanitetsforening startar førstkommande laurdag oppatt med strikkekaffe i Sanitetshuset. Her blir det fortsatt høve for ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene. For dei som ønsker å fortsette med småstrikk til eit godt formål, så fortsett sanitetsforeninga på prosjektet/dugnaden «Strikk en varm velkomst» .
Les heile sakaHett & svett: Stengt for rundtvask
Onsdag kveld – 6. januar – held treningssentret Hett & Svett stengt for rundtvask frå kl 18.30 og utover kvelden, melder TILs trimgruppe. Dei reknar med å bli ferdige til rundt kl 20, så etterpå blir det ope for trening igjen. – Hett & Svett held til i bygget som tidlegare var bruka til postkontor ved sida av Matkroken Todalen.
Les heile sakaIkkje nyttår utan …
TrondheimSolistene kjem til Surnadal kulturhus på fredag kl. 19 for å feire nok eit nyttår saman med nordmøringane. Kammerorkesteret har gjesta kulturhuset på Skei tolv gonger før og den årlege nyttårskonserten har vorte ein kjær tradisjon for mange på indre Nordmøre.
Les heile sakaBakken er snart klar for bruk, i Todalen…
Dei lokale snøprodusentane Bergli og Ranes melder om fine forhold i akebakken på skulen no i kveld. Dei har i tråd med vêrmeldingane og muligens ved å følgje med på konkurrentane ved større anlegg, sett snøkanonen i full produksjon ved akebakken i Todalen Oppvekstsenter.
Les heile sakaSnøproduksjon i gang i Sæterlia
Med kuldegradene kom snøproduksjon i gang i Sæterlia. No får vi håpe at det blir kuldegrader nokre dagar, slik at snøkanonane får lagt eit grunnlag for å kome i gang med skiaktivitetar etter kvart. Etter yr.no å dømme er det meldt kuldegrader i heile 10-dagersperioden, med ein topp på 11-13 kuldegrader frå onsdag til fredag. Men det er ikkje meldt nedbør i denne perioden.
Les heile saka