Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterte alle brukarane til «Kongens nei» på kino

Jon Olav Ørsal Fredag 21. oktober 2016

Heimetenesta og Rehab trefte blink når dei inviterte alle sine brukarar til kinokveld med “Kongens nei”.  Mellom 50 og 60 meldte seg på, og da var det berre å starte å organisere henting og bringing, fortalte Margrete Svinvik, som er einingleiar for Heimeteneste og rehabilitering.

frivillige_5744

Dei tilsette tykte det var heilt greit å yte litt ekstra på ein slik kveld. Her er det frå vestre Maybritt Hakstad, Trine Eidsli, Astrid Aune og Ann Helen Gjerdevik som er klare til å servere kaffe og bakels til kveldens kinogjestar. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er egentleg eit stort apparat å sette i sving, for mange er i den situasjon at dei treng hjelp forå kome inn i bil, men dei tilsette på heimetenesta stillte opp frivillig for å hjelpe til med transport og til å kome inn i kinosalen. Vel inne på kulturhuset vart alle påspamdert kaffe og bakels før forestillinga starta. – Det er gåver frå brukarar og pårørande som gjer det muleg for oss å arragere slike kveldar, seier einingsleiar Margrete Svinvik. Og ho legg til at dei tilsette tykkjer det er meiningsfylt å yte litt ektra for brukarane på slike kveldar.

Det vart i allfall ei triveleg stund for alle, og sjølvsagt var minna frå krigens dager eit aktuellt samtaleemne denne kvelden. Det er no 76 år sia krigen starta, så ein må være godt vaksen for å hugse dei første krigsdagane som filmen “Kongens nei” handla om.  Men det var fleire som mintes krigstida, sjølv om det ikkje var så mange krighandlingar her på traktene.

Publisert: 21. oktober 2016, 11:15