Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Sammen får vi hjelpen HELT frem»

Elinor Bolme Onsdag 19. oktober 2016

Søndag 23. oktober kl 15 brakar årets TV-aksjon «Sammen får vi hjelpen helt frem» laus. Mange bøssebærarar skal i aksjon for å samle inn pengar til årets formål. I den anledning inviterer Surnadal Røde Kors og Surnadal kommune til flerkulturell kveld i Surnadal kulturhus. Her blir det allsidig underhaldning frå scena kan ordførar Lilly Gunn Nyheim fortelje.

Kulturskolen på Indre Nordmøre skal ha eit innslag med dans og musikk og nokre av dei eritreiske flyktningane frå Integrering- og voksenopplæringa skal ha lokale innslag frå sin kultur. Røde kors vil informere litt om organisasjonens flyktning- og integreringsarbeid. Og sist, men ikkje minst vil dei fire sanitetsmedlemane frå både Halsa og Valsøyfjord sanitetsforening komme og halde sitt gripande foredrag «Vår reise til Lesvos». Kveldens konferansiér er Mons Otnes.

14495258_10153788283912541_4412805242989879052_n

Halsa omsorgsberedskapsgruppe med Hans Gujord, Lisa Engvik Aasbø, Anne Grete Botten og Merete Klevset under sitt foredrag til 250 sanitetsmedlemer på NKS-dagene september.

Ordføraren og dei andre i arrangørkomiteen er retteleg spent på om folk dukkar opp. Inntektene av billettsalget (100,-) skal gå uavkorta til innsamlingsaksjonen, som no nesten har samla inn 30 millionar allereie! Og billett får ein kjøpt på kulturhuset, både før og samme dag.

Publisert: 19. oktober 2016, 19:24