Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Onsdag: Hagelagsdugnad i arboretet

Jon Olav Ørsal Sundag 1. mai 2016

Onsdag 4. mai kl 18 er det tid for dugnad i Svinviks arboret.  Surnadal hagelag har tradisjonar for dugnad i arboretet før sesongen startar i arboretet, og håpar at mange blir med og tek eit tak. Etter at dugnadsøkta er ferdig, blir det sosialt samvær og noko å bita i.  Ta med høveleg hagereiskap og bli med på vårens trivelegaste dugnad, freistar hagelaget.

 


På Aker stadion: – Avgjorde kampen i 90. minutt!

Jon Olav Ørsal Sundag 1. mai 2016

Vi kjem nok ikkje til å følgje tippeligaen på nært hald utover sommaren på Todalen .no, men vi gjer eit unntak for nabooppgjøret mellom Molde og Ålesund sist laurdag. Det skjedde egentleg ikkje så mykje gjennom kampen, og heilt til siste minutt var kampen utan scoring og det såg ut som sunnmøringane skulle få reise heim til Ålesund med eit av poenga.

Les heile saka

Kyrkjegardsdugnad – måndag 2. mai

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. april 2016

Måndag 2. mai frå kl 18.00 og utover blir det kyrkjegardsdugnad ved Todalen kyrkjegard, melder soknerådet. Det oppfordrar folk til å bli med og rydde opp etter vinteren. Ta med høveleg redskap som trillebåre, rive, spett og spade.  Sjølvsagt blir det kaffepause og dugnadskaffe.


Ein uvanleg gjest på stabburstaket – oppdatert

Jon Olav Ørsal Fredag 29. april 2016

I Nilsstua på Husby har dei fått ein litt uvanleg gjest på stabburstaket, fortel Gudmund Husby. Nærast mit oppå mønet på stabburet, god skjult i lyngen og graset som veks på taket har nemleg ei grågås bygd reir og det har etter kvart vorte 5 egg i reiret. No ligg ho og rugar på andre veka, og om 2-3 veker kjem det nok 5 nye «husbygardingar» til verda.

Les heile saka

Like før ny Stikk UT! – sesong

Dordi Jorunn Halle Fredag 29. april 2016

Søndag første mai går startskottet for Stikk UT! 2016. Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal melder om stor pågang og interesse for årets Stikk UT!

Les heile saka

10-kaffe på skulen

Elinor Bolme Fredag 29. april 2016

Onsdag 4. mai inviterer elevar og tilsette ved Todalen Oppvekstsenter til 10- kaffe på skulen. Her blir det underhaldning, quiz, servering av kaffe og kaffebrød og anledning til ei omvisning både på skulen og i barnehagen.

Les heile saka

Verdig omsorg ved livets slutt

Elinor Bolme Torsdag 28. april 2016

I forbindelse med eit felles prosjekt mellom Surnadal kommune og Rindal og Surnadal kyrkjelege fellesråd har det i går og i dag vore arrangert eit felles fagseminar for ansatte i kyrkja, kommunens helse- og omsorgstjeneste og andre interesserte rundt temaet døden. Samhandling på siste vakt heiter prosjektet og i store linjer handler det om kva […]

Les heile saka

Loppemarked utsett

Elinor Bolme Torsdag 28. april 2016

Surnadal Røde Kors sitt tidlegare omtala loppemarked førstkommande laurdag er desverre utsett på ubestemt tid grunna for lite innkomne lopper for salg.

Les heile saka


Hagemøbelsalg ute i finvêret….

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. april 2016

Ved Hageland i Surnadal prisa dem finvêret med å lage trailersalg av hagemøblar utafor butikken fram til helga, og det var populært. Det er unike prøvemøblar som blir selt på denne måten, fortalte dagleg leiar May Britt Dyrli da vi var innom ein snartur.

Les heile saka

Demoparty i Skulestua

Elinor Bolme Torsdag 28. april 2016

Søndag 1. mai arrangerer Solvor L Øyen og Inga Husby demoparty for ulike produkt dei sel. Solvor er vel kjent for dei fleste med sine Tupperwareprodukt, medan Inga kanskje ikkje er riktig så kjent for sine salgsvarer. Ho er no forhandlar for produkt innan velvære, fitness og kosmetikk i kjeda Forever Living.

Les heile saka

Russetreff med ønske om ei festleg og trygg russetid

Dordi Jorunn Halle Onsdag 27. april 2016

No har russen i Surnadal alt klart for russefeiringa som startar med «dåp» utanfor Kulturhuset laurdag. Da får ordførar Lilly Gunn Nyheim æra av å vere «prest». Surnadal Sparebank er hovedsponsor for russen, og onsdag etter skuletid inviterte dei russen til treff i banken.

Les heile saka