Er det snart på tide å komme i form til årets Ræta Opp? lurer Knut Bergli i Todalen IL. Lørdag 27. juni kl 12 startar nemleg den fjerde utgaven av mosjonsløpet Ræta Opp på Borholmen stadion. Løpet er i underkant av 3 km langt, med start og mål på Borholmen. Den tyngste delen av løypa er opp og ned ræta et par ganger.
Les heile sakaIntim hagekonsert med Perikom
Perikom var søndag med og markerte sesongopninga med sin intimkonsert i svinviks arborets hage. Mellom hovudhuset og fjøset var det rigga til konsertpaviljong for Perikom, det vil seie Håkon Fredriksen og Karstein Mauseth, der dei heldt årets første friluftskonsert. Det var sjølvsagt knytta litt spenning til vêret denne dagen, for meldingane var ikkje av det aller beste slaget. Men vêrgudane stod arrangøren bi, og heldt nedbøren unna, sjølv om det vart litt kald vind på slutten – men såpass må vi da tåle.
Les heile sakaFellestur til Svinvika
Ordførar i Surnadal kommune, Lilly Gunn Nyheim, inviterer alle med på tur i Svinvika onsdag 13. mai. Turruta for dagen er den såkalla «Svinvikrunden» om gammelvegane i Svinvika. Ordføraren vil sjølv leie turen, og er svært glad for at Sven Olav Svinvik blir med som kjentmann og guide.
Les heile sakaSolgt til langt over forventa
Todalen brannvesen sin 83-modell Dodge vart fredag henta av ein storfornøgd kjøpar. Det var rett nok Surnadal kommune som stod som selgar av klenodiet, etter at bilen vart ein mann for mykje etter at nybilen kom til bygda. Bilen vart som tidlegare nemt annonsert på finn.no til høgstbydande over 2000,-.
Les heile sakaArboretet opna i dag – søndag er det konsert
Laurdag opna Svinviks arboret for sesongen. Det var mykje folk innom alt første dagen for å sjå på blomstringa som som er kome i gang. Det er enno litt tidleg, men mange av dei 300 sortane med rododendron er no i ferd med å kome i blomstring, fortel Maja Frønes som er avdelingsleidar og ansvarleg for drifta i Svinviks arboret.
Les heile sakaStikkUT: Storhaugrunden på søndag
52/17 søndagsturen går til bøkeskogen i Stangvika
Søndag 10. mai er det klart for nok ein ny søndagstur. Denne gongen er det bøkeskolen i Stangvik som er turmålet, og Stangvik historielag er vert og arrangør. Oppmøte er ved enden av asfaltert veg ved Vang skisenter kl. 12.00. Turen er mellom 3 og 4 km ein veg, og ein kan vel rekne med å bruke ca 1 time, kanskje litt lengre tid «heimatt», da det her stort sett er slak motbakke.
Les heile sakaNy mann attafor disken…
Da Kårvatn Fjellutstyr søkte etter ”ein dugandes medarbeidar” tidlegare i vår, tente det ein gnist hos Lars Inge Harang. Han sette seg ned for å skrive søknad – og etter litt diskusjon både heime med familien og hos Kårvatn Fjellutstyr så var valet gjort. No er han på plass ”attafor disken” på Kårvatn.
Les heile sakaRunde 2 frå Hallsetgrenda
Todalen historielag har så mykje bilder frå Hallsetgrenda/Sjynågrenda at vi kan presenterer tre omgangar derifrå i historielaget sin rundtur rundt bygda.
Les heile sakaLollipop i barnehagen ….
Fredag fekk ungane i barnehagen uventa besøk av to blide og greie russejenter, Kristine Svinvik og Karina Kosjanenko. Dei var ute etter å samle knutar til russelua si, og i barnehagen vart det to knutar i ein og same slengen! – Først delte dei ut is til ungane, lollipop og vaniljestong, det var kjøle populært! For det får dei lolipopknute i russelua, det må seiast å vere ein sympatisk og snill russeknute. Ungane fekk også russekort. Fin avslutning før helga.
Les heile sakaBarneteater på kulturhuset onsdag
Barneteatret Vårt kommer med «Mannen i pappesken» til Surnadal kulturhus onsdag 13. mai. Dette er enn varm, rørende og humoristisk historie som handler om å overvinne frykten for det som skremmer oss. Dette er en historie som mange vil kjenne seg igjen i. Hvem av oss har vel ikke noe vi er redd for? Men som Mumitrollet så klokt sier: Det er ingen kunst å være modig – hvis man ikke er redd.
Les heile sakaStavgang langs Søyas bredder…
Torsdag 7. mai la Stavganggruppa turen til elva Søya i Lykkjebygda. Vi parkerte bilane ved brua nedafor Lia, og vart imponerte over det store flaumsikringsarbeidet som var gjort her. Etter at vi hadde fordøyd inntrykka av dette enorme arbeidet, la vi turen nedover mot den prektige Haugafossen før alle 33 returnerte attende til bilane. Vi avslutta som vanleg turen med ein kaffepause.
Les heile saka