Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgang langs Søyas bredder…

Viar Sogge Fredag 8. mai 2015

Torsdag 7. mai la Stavganggruppa turen til elva Søya i Lykkjebygda. Vi parkerte bilane ved brua nedafor Lia, og vart imponerte over det store flaumsikringsarbeidet som var gjort her. Etter at vi hadde fordøyd inntrykka av dette enorme arbeidet, la vi turen nedover mot den prektige Haugafossen før alle 33 returnerte attende til bilane. Vi avslutta som vanleg turen med ein kaffepause.

10

Vi avslutta turen med ein kaffepause på nordsida av brua nedom Lia. Foto: Vidar Sogge

Neste veke legg vi turen til Halsa. For å unngå kollisjon med opplegg mange har på Kristi Himmelfartsdag, flyttar vi turen til onsdag (13. mai) denne veka. Turen går frå Felleskjøpet i Halsa til Megardsvatnet. Frå Skei køyrer vi i retning Halsa, og i Betnakrysset svingar vi til venstre i retning Halsa fergekai.  Vi kjem fram til Felleskjøpet etter ca. 2 km. Ein person står ved vegen. Her parkerer vi bilane og går opp til Grillhuset ved Megardsvatnet der vi tek matpausen. Her er det mange sitteplassar.

Bildegalleri frå stavgangturen langs Søyas bredder  –  Alle foto: Vidar Sogge

 

 

Publisert: 8. mai 2015, 05:00