Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Intim hagekonsert med Perikom

Jon Olav Ørsal Sundag 10. mai 2015

Perikom var søndag med og markerte sesongopninga med sin intimkonsert i svinviks arborets hage. Mellom hovudhuset og fjøset var det rigga til konsertpaviljong for Perikom, det vil seie Håkon Fredriksen og Karstein Mauseth, der dei heldt årets første friluftskonsert.  Det var sjølvsagt knytta litt spenning til vêret denne dagen, for meldingane var ikkje av det aller beste slaget. Men vêrgudane stod arrangøren bi, og heldt nedbøren unna, sjølv om det vart litt kald vind på slutten – men såpass må vi da tåle.

Håkon&Karstein_7337

Håkon Fredriksen og karstein Mauset tok oss med på ei flott musikalsk reise med tekster etter lokale forfattarar. Foto: Jon Olav Ørsal

Mellom 30 og 40 tilhørarar hadde teke turen til svinviks arboret for å høre musikken til Perikom. Og Perikom var i godlune, og tok oss med på ei flott musikalsk reise der vi fekk høre både mange lokale godbitar – med tekster frå Hans Hyldbakk, Jørgen Gravvold og Astrid Krogh Halse, der dei for fleire av melodiane hadde eigne tonearrangement. Sågar var det verdspremiere på eit av numra – «Nyåret møtte deg nakjin» med astrik krogh Halses tekst. Til saman framførte perikom til saman 9 forskjellige nummer i løpet av det timen dei var i aksjon, og runda av med «Eg gøymer ein draum i mitt hjarte» med tekst etter Astrid Krogh Halse.

HåkonFredriksen&KarsteinMauseth_7342

Perikom – Håkon Fredriksen og Karstein Mauseth. Foto: Jon Olav Ørsal

Drink_7334

Som seg hør og bør ved slike høve fekk publikum ein delikat velkomstdrink – sjølvsagt utan alkohol. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

 

Publisert: 10. mai 2015, 18:29