Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arboretet opna i dag – søndag er det konsert

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. mai 2015

Laurdag opna Svinviks arboret for sesongen. Det var mykje folk innom alt første dagen for å sjå på blomstringa som som er kome i gang. Det er enno litt tidleg, men mange av dei 300 sortane med rododendron er no i ferd med å kome i blomstring, fortel Maja Frønes som er avdelingsleidar og ansvarleg for drifta i Svinviks arboret.

Det tek enno nokre dagar før blomstringa kjem på topp, men nokre dagar med varme vil sette fart på blomstringa og da er blomstringa er på topp.  Svinsviks arboret ventar mykje besøk framover, og det er også meldt inn mange grupper som kjem for å sjå den unike rododenronsamlinga som arboretet har å by på. Heile 300 sortar finns i arboretet, og dei fleste er no klare for blomstring.

PerikomLight_1446_L

Søndag byr arboretet på kulturellt innslag i form av konsert med Perikom Light – Karstein Mauseth og Håkon Fredriksen – som held kosert i arboretet frå kl 13.00 og utover. Arboretet satsar på fleire innslag utover sesongen og det ser ut til å bli ein aktiv sesong i sommar.

Arboretet blir no ope fram til 9. august, – og er ope onsdag til og med søndag frå kl 11-16. Ta gjerne ein pause og smak vår eplekake eller anna heimebake bakverkt til kaffe’n oppfordrar Toril og Hilde i kafeteriaen.

Bildeglimt frå opninga av arboretet på laurdag.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 9. mai 2015, 21:25