Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mykje å sjå, innan dei fleste sjangrar

Elinor Bolme Måndag 12. september 2016

Surnadal kino ventar mykje folk på kino etter kvart som Dory, Bridget Jones, Kong Håkon V, diverse troll og Tom Hanks kjem. Men mest fart blir det kanskje når «Børning 2» sladdar innom, skriv Steinar Hasselø i ein epost til redaksjonen.

Les heile saka

Haustmøte i hagelaget

Jon Olav Ørsal Sundag 11. september 2016

Onsdag 14. september kl 19.00 arrangerer Surnadal hagelag sitt årlege haustmøte i Forsamlingshuset på Nordvik. På programmet står besøk av Britt Grete Moen som skal snakke om gleda ved å nyte eigendyrka mat – og kunsta å ta vare på grønsaker, melder hagelaget.

Les heile saka

Senterpartiet med diskusjonskvelder

Jon Olav Ørsal Sundag 11. september 2016

Surnadal Senterparti vil i haust arrangerer diskusjonskvelder. Det skjer desentralisert, og den første kvelden kjem alt onsdag 14. september kl 19.30 i Todalen ungdomshus. Tema for diskusjonskveldene vil være Sentrumsplan – Småsentrumsplaner – Arealplanen – Dyrkamark (utvikling m.m.) – Innspill til forslag til nytt partiprogram – Tilrettelegging av boligtomter i alle deler av kommunen og andre aktuelle saker.

Les heile saka

Storviltjakta er komen i gang…

Jon Olav Ørsal Sundag 11. september 2016

Storviltjakta er i gang – hjortjakta starta alt 1. september her i kommunene, medan elgjakta har start 10. september. Det var enkelte lag som starta hjortjakta alt første helga, og på Kårvatn vart det felt 5 dyr første helga.

Les heile saka

Vandrefestival – har base ved Igltjønna

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. september 2016

Vandrefestivalen starta fredag med arrangement i Surnadal kulturhus. Laurdag fortsette festivalhelga med arrangement ved Igltjønna i Rindal sentrum, der Vandrefestivalen har base i år. Laurdag har det vore fullspekka program heile dagen og fortsett laurdag kveld med 3 retters festmiddag og mykje kultur i festivaltipien som er sett opp ved Igltjønna.

Les heile saka

Ny runde med fotterapi

Elinor Bolme Laurdag 10. september 2016

Fotterapaut Pan Hoset kjem mandag den 10. og tirsdag den 11. oktober på nok ein runde med fotpleie i Sanitetshuset. Denne gongen startar ho klokka 12 på tirsdagen og held på litt utover ettermiddagen. Dette for at fleire skal få høve til å benytte seg av tilbudet.

Les heile saka

Månadens bilete: Sommarkveld på fjorden

Ole Petter Talgø Laurdag 10. september 2016

For august kan vi gratulere Ingri Bruset som vinnar av månadens bilete, «Sommarkveld på fjorden». Vi gratulerer, og vil overbringe premien når vi har anledning. Det var ei jamn avstemning med mange gode kandidatar, men Ingris bilete stakk av med neste ein tredjedel av dei 160 stemmene.

Les heile saka

Eit år til stortings- og fylkestingsval….

Jon Olav Ørsal Fredag 9. september 2016

Denne gruppa frå AP i Surnadal hadde stand utafor Coop Extra på Skei, og formålet var å markere at det no er eit år til Stortings- og fylkestingvalet 2017, og dermed på tide å markere at det er eit år til du kan være med å bestemme kven som skal styre landet.

Les heile saka

Pårørendeskolen 2016

Elinor Bolme Fredag 9. september 2016

Et undervisningstilbud til deg som har et familiemedlem eller en venn
med demenssykdom eller som er spesielt interessert.

Les heile saka

Ny fotballkamp

Elinor Bolme Fredag 9. september 2016

Nok eit av «våre» fotballag har fått terminfesta heimekamp på Bordholmen. Måndag kveld møter Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen Clausenenga til dyst klokka 18.30.

Les heile saka

Plateslipp av Lykkeland i dag på Surnadal kulturhus

Elinor Bolme Fredag 9. september 2016

I løpet av en «mannsalder» har folket i Surnadal og bygdene rundt blitt svært godt kjent med multikunstneren Svanhild Husby, både gjennom hennes tekster og musikk – og ikke minst fra scenen. Utallige sangtekster og melodier har hun laget, gjerne i sene nattetimer når tankene på så mangt og mye gjerne kommer snikende. Og rekka med forestillinger som hun sjøl har satt opp- eller vært en del av – er lang.

Les heile saka