Styret i Todalen Sanitetsforenig melder om ei lita endring for klokkeslettet til årsmøtet den 6. februar. Møtestart er 18.30, ikkje 19.30 som tidlegare annonsert. Etter det formelle årsmøtet blir det vanleg medlemsmøte med besøk av generalsekretær Grete Herlofson og valg av nytt styre i omsorgsberedskapsgruppa.
Les heile saka
Dersom du vil prøve deg på militært skiskyttarmerke, så har du no sjansen. Laurdag 28. januar er det merkeprøve på Toreseter i Bæverdalen. Det er to klassar – med militær uniform og med militære ski og sivile klede og ski. Merkeprøven skjer i regi av Indre Nordmøre Forsvarsforening.
Les heile saka
Søndagskveldane er det full aktivitet i Kaffekroken på bitikken. Sist søndag var ikkje noko unntak, og da vi stakk innom ein snartur for å lodde stemninga så bar den preg av stor tankeverksemd og tikkande klokker som tok tida. Tilsaman er det 17 personar som deltek i turneringa som skal gå heilt fram til påska – med finale i ungdomshuset 2. påskedag
Les heile saka
Medan det har regna og rasa som verst i Dalavegen har gjengen på Kårvatn Handelskompani vore mest opptekne med NORSPO-messa i Exporama Senteret utafor Oslo. Der stiller dei 5 mann sterke og har hatt god respons både på kolleksjonen av kjente merkevarer og på ny merker som no er på veg inn i utvalet, fortel Gudmund Kårvatn.
Les heile saka
Søndag ettermiddag vart det oppdaga at det har rasa masse ut i elva ved Kufallfossen. Det er heilt oppå toppen av Falla, og der du har bergveggen på høgresida og rett ned i elva på vestre side av Dalavegen. Her har det rasa ein del masse ned i elva, slik at raskanten går ein halvmeter frå glidekanten på nersida av vegen.
Les heile saka
Ettermiddagskaffen til Todalen historielag er populær – søndag ettermiddag samla dei rundt 50 personar i ungdomshuset. På programmet stod kaseri om ver og vind – ord og uttrykk med Gunnvald Bøe frå Bøfjorden.
Les heile saka
Det ser ut til at forholda i Falla er stabile, etter at regnvêret har gjeve seg. Natt til fredag var det ekstremt regnvêr med 30-40 millimeter nedbær i løpet av nokre nattimar, og det var nok til å løyse ut nye ras i det rasutsatte området i Falla. I Løpet av går degen var det […]
Les heile saka
Skigruppa melder om minimale mengder snø på Tjønnmyra og må derfor avlyse morgondagens planlagte skileik som skulle ha starta klokka 14.
Todalen Sanitetsforening melder om at nytt årslotteri er på plass. Denne gongen er det valgt nok ein lokal bidragsytar som er velkjent for fine bilder, i alskens variantar; Kristine Saksen Ulvund.
Les heile saka
I disse dager er Byggmakker Surnadal på utkik etter 2 nye medarbeidarar – dei treng ein person i butikken og ein på lageret. Byggmakker Surnadal har hatt ei fin utvikling, og nådde ei omsetning på rundt 65 mill i 2016, fortel Jan Bjørnebeth og Marit Gjeldnes som styrer Byggmakkerbutikken som butikksjef og NK.
Les heile saka
I føremiddag har mannskap frå Surnadal kommune og entreprenør P. Gjeldnes Maskin vore på synfaring i Falla. Foreløpig er det ikkje aktuelt med stenging av vegen, men det må gjerast nokre tiltak. På grunn av mykje vatn i området vil ikkje arbeidet på rasstaden starte før over helga.
Les heile saka
Det er gått eit nytt ras i Falla i løpet av natta, og no i morgontimana vurderer kommunen kva tiltak som må gjerast. Beredskapsvakta har vore på staden, men Dalavegen er foreløpig ikkje stengt. Vi kjem til å ta eit overblikk over situasjonen saman med entreprenøren Per Gjeldnes Maskin når det blir lyst, fortel oppsynsmann Gunnar Bøe i Surnadal kommune. Han oppfordrar alle som ferdes i området til å utvise stor forsiktighet til ein får skaffa seg oversikt over situasjonen.
Les heile saka