Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt ras i Falla – vurderer tiltak

Jon Olav Ørsal Fredag 20. januar 2017

Det er gått eit nytt ras i Falla i løpet av natta, og no i morgontimana vurderer kommunen kva tiltak som må gjerast. Beredskapsvakta har vore på staden, men Dalavegen er foreløpig ikkje stengt.  Vi kjem til å ta eit overblikk over situasjonen saman med entreprenøren Per Gjeldnes Maskin når det blir lyst, fortel oppsynsmann Gunnar Bøe i Surnadal kommune.  Han oppfordrar alle som ferdes i området til å utvise stor forsiktighet til ein får skaffa seg oversikt over situasjonen.

Det er masse frå plassen ovafor den tidlegare rasstaden som no har glidd ut,  men verken vegen i Falla eller vegen innover til Gammelfabrikken er direkte berørt av raset.  Vi kjem med meir info etter kvart….

Publisert: 20. januar 2017, 09:28