Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin utvikling – treng meir folk

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. januar 2017

I disse dager er Byggmakker Surnadal på utkik etter 2 nye medarbeidarar – dei treng ein person i butikken og ein på lageret.  Byggmakker Surnadal har hatt ei fin utvikling, og nådde ei omsetning på rundt 65 mill i 2016, fortel Jan Bjørnebeth og Marit Gjeldnes som styrer Byggmakkerbutikken som butikksjef og NK.

Jan Bjørnebeth som er butikksjef kjem opprinneleg frå Trondheim og har bakgrunn som tømrar.  Han har tilsaman 17 års erfaring frå bransjen, og kom til Surnadal frå Sundolit og med fartstid frå firmaet Proffpartner.  Bjørnebeth har vore butikksjef for Byggmakker Surnadal sia mai 2016.  Marit har også 10 års fartstid i Talgø – først nokre år med møbelproduksjonen i Todalen og sia på Hageland og Byggmakker i Surnadal.

Her kan du lese meir om stillingsannonsen som no går i media – søknadsfristen for begge stillingane er fredag 3. februar :

Søknadsfristen på dei to ledige stillingane på Byggmakker surnadal er 3. februar.

 

Publisert: 21. januar 2017, 14:11