Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dalavegen er open

Jon Olav Ørsal Fredag 20. januar 2017

I føremiddag har mannskap frå Surnadal kommune og entreprenør P. Gjeldnes Maskin vore på synfaring i Falla. Foreløpig er det ikkje aktuelt med stenging av vegen, men det må gjerast nokre tiltak. På grunn av mykje vatn i området vil ikkje arbeidet på rasstaden starte før over helga.

Da skal veggrøfta pukksettast og rensing av grøfter og det vil bli gjort ein del ryddearbeid slik at ein får unna vatnet.  – Vegen opp Falla blir ikkje stengt slik som situasjonen er akkurat no, seier oppsynsmann Gunnar Bøe, som trur det blir mindre regn etter kvart.

Publisert: 20. januar 2017, 15:47