Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sjakkturneringa godt i siget…

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. januar 2017

Søndagskveldane er det full aktivitet i Kaffekroken på bitikken. Sist søndag var ikkje noko unntak, og da vi stakk innom ein snartur for å lodde stemninga så bar den preg av stor tankeverksemd og tikkande klokker som tok tida. Tilsaman er det 17 personar som deltek i turneringa som skal gå heilt fram til påska – med finale i ungdomshuset 2. påskedag.

Amund Talgø og Ottar Halle i ein duell. Foto: Jon Olav Ørsal

På resultatlista er det forholdsvis jamnt enno – dei tre fremste i gruppe A er Amund med 5,0, Ragnar 4,0 og Arvid 4,0 poeng.  I gruppe B er det Terje N. som ligg i tet med 6, med Sigurd på 5 og Bernt på 4,5 poeng.  Rett nok har ikke alle like mange kampar, så «3 på topp»- liste er nok litt mangelfull og delvis misvisande, men dei som ligg på topp får nyte situasjoen så lenge den varer.  neste turneringskveld er søndag 5. februar.

Jo Gjeldnes og Bernt Venås i full konsentrasjon. Foto: Jon Olav Ørsal

 
 

Publisert: 24. januar 2017, 11:18