Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stabilt i Falla etter regnet

Jon Olav Ørsal Sundag 22. januar 2017

Det ser ut til at forholda i Falla er stabile, etter at regnvêret har gjeve seg. Natt til fredag var det ekstremt regnvêr med 30-40 millimeter nedbær i løpet av nokre nattimar, og det var nok til å løyse ut nye ras i det rasutsatte området i Falla.  I Løpet av går degen var det ikkje noko nedbør, og det ser no ut til at massane har stabilisert seg.

Det var området lengst til venstre som rasa ut natt til fredag. Foto: Jon Olav Ørsal

Laurdag føremiddag trefte vi både beredskapsvakta og driftsvakta som var på inspeksjon – Olav Rønning som var  beredskapsvakt i kommunen fortalte at dei følger nøye med utviklinga i Falla og vil ikkje nøle med å sette inn tiltak dersom det blir nødvendig. Etter at regnvêret no har gjeve seg har massane roa seg ned såpass at det vil bli sett i gang litt opprydding og forebyggande tiltak over helga.

Eller har det den siste veka vore gjort fleire grunnboringar i områd. Dermed vil det etter kvart blir teke stilling til kva tiltak som er nødvendig for å sikre Dalavegen på lengre sikt.

En liten skade på området som rasa ut før jul – her var det stor segg overflatemasse som har flytta litt på seg. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 22. januar 2017, 12:18