Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Meir trøbbel i Falla – ras ved Kufallfossen

Jon Olav Ørsal Måndag 23. januar 2017

Søndag ettermiddag vart det oppdaga at det har rasa masse ut i elva ved Kufallfossen.  Det er heilt oppå toppen av Falla, og der du har bergveggen på høgresida og rett ned i elva på vestre side av Dalavegen. Her har det rasa ein del masse ned i elva, slik at raskanten går ein halvmeter frå glidekanten på nersida av vegen.

Oppsynsmann Gunnar Bøe lika dette raset dårleg – her vurderes situasjonen saman med kollega Michal Heimlund. Foto: Jon Olav Ørsal

Oppsynsmann Gunnar Bøe var litt oppgjeven ovar at det no kom eit nytt raspunkt. Her er det heller ikkje så enkelt å få reparert denne skaden.  I første omgang er no raskanten sikra med bukkar og markeringsband, slik at ingen bevegar seg ut på kanten av stupet som går lukt i elva. Det er ikkje aktuelt å stenge vegen slik det ser ut no.

– Her lyt vi ha ei skikkeleg vurdering av kva som må gjerast for å sikre vegen, seier Gunnar Bøe, som var på staden saman med Michal Heimlund frå teknisk avdeling i kommunen.  Dette blir nok ein kostbar affære som vi må planlegge godt og som vil kreve at vi har finansiering på prosjektet.  Surnadal kommune vil no følgje med dei to raspunkta nøy i tida framover, spesielt ved store nedbørsmengder og når tælen går.

Det vart sett opp kantsperring ved rasområdet, slik at ingen skal klive utom glidekanten. Foto: Jon Olav Ørsal

Raskanten går ca halvmeteren frå glidekanten ved på toppen av Falla – ved Kufallfossen. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 23. januar 2017, 16:10