Indre Nordmøre Forsvarsforening har tradisjon for å dra til Trondheim for å delta på Forsvarets julegudsteneste i Nidarosdomen. Iår arrangeres Forsvarets julegudsteneste onsdag 14. desember kl. 1100, og alle som har lyst er velkomne til å delta – både medlemmer og ikke-medlemmer.
Les heile saka
Stangvik historielag er svanger med eit nytt, flott årsskrift med heile 64 sider med lokalhistorie mellom permane. Årsskriftet er allsidig lesnad, og har henta stoff frå mange hendingar og forskjellige fagområde. Her vil nok alle finne noko som er interessant å lese om.
Les heile saka
Er du ikkje ferdig med julegåvene enda? Folk frå bygdebokprosjektet i Surnadal vil laurdag, vera på plass på Coop på Skei mellom klokka 11.00 og 16.00 for å selje den nye bygdeboka for området Åsbøen til Kårvatn. I tillegg vil det bli boksalg same tid og stad laurdag 10. desember og same stad måndag 12. desember frå kl. 12.00 -18.00. Elles er boka å få kjøpt hos L. Hals i Todalen og på biblioteket på Skei.
Førstkommende søndag, frå kl 19.30 og eit par timar utover, held «kaffekroken» på Matkroken åpent for helt uformelt sjakktreff for den som har lyst. Ta med brett og kom, så kan vi spelle mot kvarandre eit par timar. Kun uformelt og ikke organisert på førehand. Reknar med at mange har lært seg nokre triks av «Magnussjakken» under VM dei siste vekene. Vi møter altså klokka 19.30, som vanlig sjakk-kveld, seier handelsmann Nordvik i sin invitasjon.
De siste par dagane har vi fått ein liten forsmak på julesnøen – ikkje så mykje, men den har vore blaut og våt. Den erfaringa har også brøytarane gjort seg, men sesongdebuten har gått bra. Ny farge har vi fått på brøytebilen også – frå 1. september tok Mesta over vegvedlikehaldet på riks- og fylkesvegane etter Veidekke, og dermed vart det ny farge på brøytebilane og nye brøytebilsjåførar.
Les heile saka
I føremiddagstimane har Telia mobil (tidlegare NetCom) vore ute av drift i Todalen – Nettet var i fleire timar heilt utan signal, og kabelbrot skal være årsak til problema. Fredag ettermiddag kom Telia på nett igjen, og problema ser ut til å være løyst for denne gong. Telenors nett var ikkje berørt av prolema.
Elg & Co introduserte konserten sin i Stangvikkyrkja som kortreist kvalitetskultur. – Og jammen skulle du stå godt i mot dersom du ikkje skulle få julestemninga innover deg under konserten i går kveld. Med skikkeleg ruskvêr ute og vindkast som røska tak i kyrkja vart det litt ekstra julestemning, sjølv om det også gikk ut over temperaturen.
Les heile saka
I år som i fjor, og året før det, vart julegrana pynta til alle kunstens reglar i Brusetmarka. Og med retteleg nysnø både på bakken og i lufta vart det ei kjekk samlingsstund i krysset ved Trudvang og Sandmo. Kristen Bruset hadde sørga for «gran of the year» som Steinar Frøystad hadde dekorert med både ei og to lysslynger. Både med og utan blink.
Les heile saka
Under Surnadal pensjonistlas julemiddag er det fast tradisjon at «Surnadal kommunes pris for godt eldrearbeid» blir delt ut. Torsdag var rundt 80 medlemar i pensjonistlaget samla til julemiddag på Nordmøre Folkehøgskule. Hovudattraksjonen var sjølvsagt utdeling av denne prisen som i år altså gikk til Olina Halle.
Les heile saka
Fotballgruppa i Todalen lL melder i dag om årets happening i Todalen Ungdomshus tirsdag 27. desember. Også i år blir det 3. dagsfest eller julerevy . Revygruppa skal være godt i gang med årets produksjon; både sketsjar og songar er produsert. Det kjem også gjesteartister frå andre revygrupper i kommunen, og arrangørane lovar at underhaldninga blir meir variert og enda artigare enn nokon gong tidligere.
Les heile saka
Siste kvelden i november inviterte Tordenskjold songlag til førjulskveld i Ungdomshuset. Det vart ein riktig triveleg kveld med fint og variert program.
Les heile saka
Denne veka kom det som kanskje har vorte ein tradisjon i skulen på plass igjen. Eit stort bjørkehjerte som lyser mot dei som kjem til oppvekstsenteret. Både for tilsette, elevar, barnehageborn og foreldra som fer inn og ut porten morgon og sein ettermiddag.
Les heile saka