For temmeleg nøyaktig eit år sia hadde vi ein sak om HIPS – Halsa interkommunale psykiatriske senter – som var på Todalstur for å kikke på møblar til nokre rom. Lokala var uendra frå starten i 2001, og det var stort behov for ei ansiktløfting på avdelinga og ikkje minst nye møblar, – og her visste Talgø råd.
Les heile saka
Ein skulle kanskje tru at golf er ein sesongbetont sport. I Surnadal er ikkje dette tilfelle då det i Surnadal er ein moderne golfsimulator frå 2008 som er godt besøkt av ivrige golfarar no når det er litt «off season» på golfbanen på Kvanne. Simulatoren er lokalisert på Landbrukshuset på Skei og det er firmaet Bjarne Schei AS med dagleg leiar Bjørn Schei, Surnadal Golfklubb og fleire medlemmar av Surnadal Golfklubb som er hovedaksjonærar.
Les heile saka
På MøreTre har har elementproduksjonen nærast levd på legd dei siste par åra. Da det var bygd ny fabrikk for MøreRoyalproduksjon flytta elementavdelinga inn i midlertidige lokaler på Trollheim Industrier – No flyttar dei inn i permanente lokaler i fabrikkanlegget i Todalen, og der skal dei være på plass og i full produksjon i mars. Flyttinga startar alt om eit par veker.
Les heile saka
Fredag ettermiddag var barnehageungane og elevane ved Todalen oppvekstsenter inviterte på kunstutstilling i Gammelskulen.
Les heile saka
Også Surnadal Golfklubb, vårt aller nyaste medlem her på todalen.no kallar no inn sin emedlemmar til sitt årsmøte den 20. februar på Thon Hotel Vårsøg. Innkomne saker må sendast til leiar Oddvar Væge (oddvar@svorka.net) innan den 8. februar.
Les heile saka
Styret i Todalen Sanitetsforenig melder om ei lita endring for klokkeslettet til årsmøtet den 6. februar. Møtestart er 18.30, ikkje 19.30 som tidlegare annonsert. Etter det formelle årsmøtet blir det vanleg medlemsmøte med besøk av generalsekretær Grete Herlofson og valg av nytt styre i omsorgsberedskapsgruppa.
Les heile saka
Dersom du vil prøve deg på militært skiskyttarmerke, så har du no sjansen. Laurdag 28. januar er det merkeprøve på Toreseter i Bæverdalen. Det er to klassar – med militær uniform og med militære ski og sivile klede og ski. Merkeprøven skjer i regi av Indre Nordmøre Forsvarsforening.
Les heile saka
Søndagskveldane er det full aktivitet i Kaffekroken på bitikken. Sist søndag var ikkje noko unntak, og da vi stakk innom ein snartur for å lodde stemninga så bar den preg av stor tankeverksemd og tikkande klokker som tok tida. Tilsaman er det 17 personar som deltek i turneringa som skal gå heilt fram til påska – med finale i ungdomshuset 2. påskedag
Les heile saka
Medan det har regna og rasa som verst i Dalavegen har gjengen på Kårvatn Handelskompani vore mest opptekne med NORSPO-messa i Exporama Senteret utafor Oslo. Der stiller dei 5 mann sterke og har hatt god respons både på kolleksjonen av kjente merkevarer og på ny merker som no er på veg inn i utvalet, fortel Gudmund Kårvatn.
Les heile saka
Søndag ettermiddag vart det oppdaga at det har rasa masse ut i elva ved Kufallfossen. Det er heilt oppå toppen av Falla, og der du har bergveggen på høgresida og rett ned i elva på vestre side av Dalavegen. Her har det rasa ein del masse ned i elva, slik at raskanten går ein halvmeter frå glidekanten på nersida av vegen.
Les heile saka
Ettermiddagskaffen til Todalen historielag er populær – søndag ettermiddag samla dei rundt 50 personar i ungdomshuset. På programmet stod kaseri om ver og vind – ord og uttrykk med Gunnvald Bøe frå Bøfjorden.
Les heile saka
Det ser ut til at forholda i Falla er stabile, etter at regnvêret har gjeve seg. Natt til fredag var det ekstremt regnvêr med 30-40 millimeter nedbær i løpet av nokre nattimar, og det var nok til å løyse ut nye ras i det rasutsatte området i Falla. I Løpet av går degen var det […]
Les heile saka