Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Haustmøtet for laga i Surnadal

Elinor Bolme Måndag 16. oktober 2017

Kultureininga vil informere laga om tilskottsordningar m.m. torsdag 19. oktober kl. 1900.

Forutan å informere om kommunale tilskottsordningar, vil ein også ta for seg endringar i spelemiddelordninga (t.d. nybygg eller rehabilitering av idretts- og friluftslivanlegg). 

Siri Skjerve vil fortelje om «Huset i bygda», eit prosjekt som skal bidra til å løfte opp bruken av forsamlingshusa i kommunane. Ho vil også kome inn på mulege tilskott til forsamlingshus.

Det vil bli presentert gode eksempel på kva ein kan få til med både spelemidlar til idretten/friluftslivet og drift av forsamlingshus. Elles er det opning for andre tema. Møtet vil bli halde i Kammerset (kinosalen) i kulturhuset.

Først publisert: 16. oktober 2017, 07:00 - Sist oppdatert: 30. september 2017, 09:01