Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

G10 med sesongavslutning i aktivitetsparken på Tjønnmyra

Jon Olav Ørsal Måndag 16. oktober 2017

Søndag markerte Søya/Todalen G10 at ein lang fotballsesong er over, og dei dro til aktivitetsparken på Tjønnmyra. Der kosa dei seg med grilling og fri leik i aktivitetsparken, og kaffe frå svartkjelen til dei vaksne som deltok i arrangementet.

Laget markerte at sesongen er slutt for denne gong, og dei har hatt ein stigande formkurve utover sommaren og hausten, og dei lever opp til mottoet «Fair Play» på fotballbanen.  Noe skal dei kvile seg litt etter ein tøff sesong, – men det er ikkje så lenge før trening og oppkjøring til ny sesong for denne gjengen!

På bildet er heile laget samla på ein av dei siste kampane, saman med trenaren Kennet Bergstad

 

 

Publisert: 16. oktober 2017, 22:04